Nær 61 millionar til kommunalt rusarbeid

24 kommunar i Vestland får til saman nærare 61 millionar kroner gjennom tilskotsordninga kommunalt rusarbeid.

Publisert 17.06.2025, Sist endra 26.06.2025

I år var den samla søknadssummen frå kommunane i Vestland på 78 millionar kroner, og Statsforvaltaren fekk 52 millionar til tildeling frå Helsedirektoratet. Nokre av midlane som er delt ut er overført frå tidlegare år, så til saman vart det delt ut 61 millionar. 

Tilskotet skal bidra til betra livskvalitet, meistring og mogelegheit for eit aktivt og meiningsfylt tilvære for personar med rusmiddelrelaterte problem og deira pårørande. Dette kan kommunane oppnå ved å styrke tilboda innan førebygging, tidleg intervensjon, behandling og oppfølging. Målgruppa er personar som er i risiko for å utvikle, eller som har rusmiddelrelaterte problem, og deira pårørande.

Kommunane får tilskot til arbeid innanfor innsatsområde for førebygging og tidleg intervensjon for barn, unge og unge vaksne, tilrettelegging for deltaking i arbeidsretta og sosial aktivitet og nettverk, samtidig rusmiddelproblem og psykisk helseproblem, skadereduksjon og pårørandearbeid.

Oversikt over tildelingane finn du under «Dokument».

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.