Kompetanseheving i rus- og valdsproblematikk

Dei regionale kompetansesentera på rusfeltet (KoRus) og Ressurssentera om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS) har utarbeidd kunnskapsmodular for området rus og vald. 16. desember blir det digitalt lanseringsseminar som er ope for alle.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.12.2021

Det er Helsedirektoratet som har gjeve KoRus og RVTS i oppdrag å utvikle og implementere kunnskapsmodular på området rus og vald. Når pasientar og brukarar har utfordringar knytt til rus, og dessutan har utøvd eller blitt utsett for vald, skal dei greiast ut og behandlast for desse problemstillingane på ein integrert måte. På nettsida rusogvold.no finn du meir informasjon om modulane.

Målgruppa for modulane er behandlarar, miljøpersonale og saksbehandlarar i spesialisthelsetenesta eller i kommunen.

16. desember frå 10-12 blir det digitalt lanseringsseminar om kunnskapsmodulane. Du treng ikkje melde deg på for å delta.

På heimesida til RVTS Vest finn du meir informasjon og lenkje til oppkopling.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.