Tolkingsbrev frå Arbeids- og velferdsdirektoratet

Direktoratet har tolka sosialtenestelova når det gjeld sosialhjelp til reiseutgifter for barn på familiegjenforeining, sosiallån til depositum og sosialhjelp til familiemedlemmar av EØS-borgarar. Dei har også avklart at Nav ikkje kan be ein sosialhjelpssøkjar om å ta ut pengar frå kredittlånskonto.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.06.2022

Breva er skrivne som svar på spørsmål frå statsforvaltarar. Breva avklarar nærare korleis sosialtenestelova er å forstå på dei nemnde områda, og korleis Nav og statsforvaltarane skal praktisere regelverket. Lenkjer til alle breva finn du under «Dokument».

Sosialhjelp til reiseutgifter for barn som har fått innvilga familiegjenforeining

Kommunane har ikkje plikt til å gi sosialstønad til reiser frå utlandet for barn som har fått innvilga familieinnvandring med foreldre som har flyktningstatus. Dette fordi stønad til reise og opphald i utlandet ligg utanfor verkeområdet til sosialtenestelova.

Sosiallån til å betale for depositum

Kommunane kan ikkje alltid gi sosialhjelp til depositum som lån. Lova tillét hjelp i form av lån berre dersom sosialhjelpssøkjaren på søknadstidspunktet har midlar, eller en rett til midlar, som faktisk ikkje er tilgjengelege. Til vanleg skal Nav gi slik hjelp i form av bidrag, eventuelt depositumsgaranti. Eit døme på når Nav kan gi hjelp til depositum som lån er når vedkomande er i ferd med å selje bustaden sin, og ventar på oppgjer.

Sosialhjelp til familiemedlemmar til EØS-borgarar

Familiemedlemmar til borgarar frå EU/EØS har rett til å opphalde seg i Noreg så lenge EØS/EU-borgaren har opphaldsrett, såkalla avleia opphaldsrett. Dette får konsekvensar for retten til sosialhjelp, fordi lovleg opphald er eit av kriteria for å kunne ha full rett på ytingar etter sosialtenestelova.

Har ein som har brukt inntekta si på å betale kredittkortgjeld rett på sosialhjelp?

Utgangspunktet er at Nav ikkje kan be nokon dekke livsopphaldsutgiftene sine med kredittkort. Nav kan difor ikkje be sosialhjelpssøkjaren trekkje kredittkortinnbetalinga ut igjen, men må leggje til grunn at vedkomande ikkje har pengane som er sett inn på ein slik konto tilgjengeleg.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.