Sosiale tenester til familiar

Når Nav får ein søknad om økonomisk stønad frå ein søkar som har barn, må dei kartlegge og vurdere om familien kan ha rett på fleire tenester etter lova. Nav skal bidra til at foreldre og barna deira får heilskaplege og samordna tenester frå Nav og kommunen.

Publisert 19.06.2023

Nav må kartlegge familien sin situasjon for å kunne vurdere hjelpebehovet. Dei må kartlegge situasjonen til foreldra og kvart barn godt nok til at dei kan gjere konkrete og individuelle vurderingar av familien sitt behov for sosiale tenester. Samtidig skal Nav kunne gje informasjon (generell rettleiing) om andre tenester i kontoret og i kommunen. Viss familiar har behov for opplysning, råd og rettleiing over tid (individuell rettleiing), kan dei ha rett på vedtak etter sosialtenestelova paragraf 17.

Barnekonvensjonen

Det går fram av barnekonvensjonen at barn har rett til å bli høyrde i saker som vedkjem dei. Arbeids- og velferdsdirektoratet ser for tida nærare på om dei skal spesifisere dette nærare i rundskriv 35 til sosialtenestelova. Per i dag skal Nav som hovudregel kartlegge barn sine behov gjennom foreldra. I nokre samanhengar kan det likevel vere hensiktsmessig å snakke direkte med barn. Barn kan gje viktig informasjon om sine behov, som ikkje kjem fram på anna vis. I samtalar med barn må Nav informere om kvifor dei har samtalen og kva barnet kan vere med å påverke. Barn skal også få informasjon om korleis opplysningar frå dei blir brukt og kven som kan få innsyn i  opplysningane. Den som har samtale med barn, må ha kompetanse til å ivareta barnet sine kjensler. Barn har ikkje ansvar for utfordringane til familien.

Foreldreansvaret gjeld fram til barn fyller 18 år, men yngre barn har rett til å bli høyrt og uttale seg i saker som påverkar dei. Barns meining skal bli vurdert som del av den samla informasjonen i saker før avgjerder blir gjort. 

I utgangspunktet er det ikkje aldersgrense på tenester etter sosialtenestelova, med unntak av kvalifiseringsprogrammet. Dersom eit Nav-kontor yter sosiale tenester til einskildpersonar under 18 år, så gjeld reglane om krav til dokumentasjon og god forvaltningsskikk. Nav må opprette sak og må gjere vedtak.

Samordna tenester

Dersom foreldre treng støtte i foreldrerolla på grunn av vanskeleg økonomi eller andre tilhøve, skal Nav gje opplysning, råd og rettleiing, og eventuelt vise til andre instansar som kan følgje opp familien. I dei tilfella barnevernet har oppfølging av familien, bør barnevernet og Nav samarbeide for å sikre at familien får heilskapleg oppfølging. Dette gjeld også viss familien får oppfølging frå andre tenester, for eksempel etter helse- og omsorgstenestelova. Nav har meldeplikt til barnevernet når dei har mistanke om alvorleg omsorgssvikt.

Nav kan ikkje løyse sosiale problem og forebygge utanforskap aleine. Velferdstenestene har derfor plikt til å samarbeide både på systemnivå og i enkeltsaker. Målet er at godt samarbeid skal føre til at familiar med barn får hjelp og oppfølging til rett tid.

Les om samarbeid om tenester til barn, unge og familiane deira på nettsida til Helsedirektoratet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.