Nav kan ikkje kombinere stønadsformer ved tildeling av økonomisk stønad

Når Nav innvilgar økonomisk stønad etter sosialtenestelova skal dei vurdere kva for form stønaden skal gjevast i. Avgjerda om stønadsform er ein del av enkeltvedtaket, og tenestemottakaren kan difor klage på denne delen av vedtaket.

Publisert 25.04.2024

Økonomisk stønad er samfunnets siste sikkerheitsnett, og stønaden skal sikre alle som oppheld seg lovleg i Noreg eit forsvarleg livsopphald. Utgangspunktet er at Nav skal gje stønaden som bidrag. Sosialtenestelova opnar likevel for at Nav også kan gje stønad som lån, garanti for lån, eller varer og tenester. Dette går fram av sosialtenestelova § 21. Viss Nav vil gje stønad på ein annan måte enn som bidrag, må dei grunngje særleg kvifor dei gjer det.

Vi behandlar frå tid til anna klagesaker som gjeld val av stønadsform. Det kan vere at Nav har gjeve stønaden på rekvisisjon, eller at Nav har gjeve stønaden som lån. Det hender også at vi får saker der Nav har gjeve stønaden som ein kombinasjon av stønadsformene. Vi har til no stadfesta slike vedtak, når vilkåra for dei ulike stønadsformene isolert sett er oppfylt. No har vi fått eit brev frå Arbeids- og velferdsdirektoratet der dei slår fast at Nav ikkje har heimel for å kombinere stønadsformer. Av brevet går det fram at Nav kan kombinere fleire stønadsformer i eitt og same vedtak, altså at Nav i same vedtak til dømes kan gi stønad til livsopphald som bidrag og stønad til husleige som lån. Kvart einskild stønadsbeløp kan derimot ikkje bli gjeve som ein kombinasjon av fleire stønadsformer. Det betyr at dersom Nav til dømes gir stønad på rekvisisjon, ikkje også kan gje denne stønaden i form av lån.

Du kan lese brevet frå Arbeids- og velferdsdirektoratet under «Dokument». Der finn du også  brevet vi sende dei med spørsmål om kombinasjon av stønadsformer.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.