Kompetanse i Nav Vestland 2023

Vi har utarbeidd ein kompetanseplan for tilsette i Nav-kontora i Vestland i samarbeid med Nav Vestland. Planen er basert på relevante styringsdokument.

Publisert 30.06.2023

Planen med alle kompetansetiltak finn du under «Dokument». Ta gjerne kontakt om du tenkjer noko manglar. 

Nav i Vestland skal vere ein kunnskapsbasert og lærande organisasjon. All kompetanseutvikling skal ta utgangspunkt i samfunnsoppdraget til Nav og brukarens behov, i dag og i framtida. Kompetanseutvikling kan ein forstå som eit samspel mellom dei ulike formene for kompetanseheving, og at samspelet skapar læring, ny innsikt, forståing og mangfald. Det er samfunnsoppdraget som til ei kvar tid er grunnlaget for all kompetanseutvikling i Nav. Kjernekompetanseområda rettleiing, forvaltning, inkludering, språk og kunnskap om arbeidsmarknaden, vil få særleg merksemd i Nav Vestland. Dei lærande fagnettverka som vart oppretta i 2022, vil vere sentrale i alt arbeid med kompetanseutvikling.

Styringsdokument

  • Mål og disponeringsbrev 2023 til Nav fylke frå Arbeids- og velferdsdirektoratet
  • Styringsdokument 2023 frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet til Statsforvaltaren i Vestland
  • Kommunebrevet 2023 til alle landets kommunar frå Arbeids- og velferdsdirektoratet
  • Samarbeidsavtalen av 30.04.2020 mellom Nav Vestland og Statsforvaltaren i Vestland
  • Kompetansestrategien for Nav Vestland
  • Verksemdstrategi fram mot 2030

Ny verksemdstrategi for Nav mot 2030

Den nye strategien gir retning for organisasjonen når det gjeld kompetanseutvikling. Nav skal imøtekomme ein arbeidsmarknad i endring, brukarar skal få dei tenestene og ytingane dei har rett på, og Nav skal finne løysingar saman for dei som treng det mest. Samfunnet er i kontinuerleg endring, både pandemien og krigen i Ukraina betyr at Nav må omstille seg raskt og vere effektive i løysingane. Kompetansetiltaka vi tilbyr i samarbeid med Nav Vestland skal forsøkje å imøtekomme kompetansebehov i fylket. Det gjeld å følgje med på lokale, nasjonale og internasjonale endringar, og det gjeld å samle kunnskap om Nav-kontora i Vestland. På den måten kan vi treffe med kompetansetilboda.

Mål

Målet med kompetanseutviklinga er å bidra til at tilsette i Nav-kontora har tilstrekkeleg kunnskap til å løyse samfunnsoppdraget på ein god måte. Planen skal bidra til at innbyggjarane i Vestland får gode og forsvarlege tenester i tråd med samfunnsoppdraget til Nav, strategien for organisasjonen og føremålsparagrafane i sosialtenestelova, arbeidsmarknadslova og Nav-lova.

Menneske skal leve trygge, heile og gode liv. Inkludering blir eit nøkkelord, og vi veit at livsmeistring og integrasjon i samfunnet aukar når innbyggjarane er i jobb. Vi veit også at gode levekår er avhengig av deltaking i arbeidslivet. Difor er det nødvendig at vi hjelper dei som kan jobbe, ut i arbeidslivet. Samstundes må vi vere gode til å forstå arbeidsmarknaden og kva kompetanse som krevst. Nav må nytte verkemidla i heile Nav-kontoret slik at flest mogleg får delta i arbeidslivet.

Tenester etter sosialtenestelova

Dei fem individuelle tenestene i sosialtenestelova må vere tilgjengeleg for dei som treng det. Alle i Nav-kontoret må ha nok kompetanse til å kunne gje tilpassa informasjon om tenestene og identifisere kven som kan trenge tenestene. Dei må også kunne følgje opp tenestene og lage individuelt tilpassa planar med brukarane.

Grunna økonomisk usikkerheit og lågkonjunktur veit vi at fleire vil kunne trenge økonomisk rådgjeving. Mange som slit økonomisk fortel at dei ikkje får sove og ikkje klarer å tenkje på anna enn økonomien. Det er særleg viktig at Nav har kompetanse til å gje råd og rettleiing om personleg økonomi, og tenesta må vere tilgjengeleg.

Heilskaplege og samordnande tenester

Utsette barn og unge og deira familiar skal få heilskaplege og samordnande tenester. Dette gjeld internt i Nav-kontoret, i partnarskapet og elles på tvers av statlege og kommunale tenester. Det er nødvendig å skape forståing for korleis Nav si rolle skal vere når det gjeld førebygging og korleis Nav skal bidra til å løyse dei sosiale problema. Vi forsøker å tilby kompetansetiltak som kan bidra til dette.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.