Kan utgifter til barnebidrag reknast som nødvendig levekostnad etter sosialtenestelova?

Løpande barnebidrag kan reknast som nødvendig levekostnad i ein områdingsperiode.

Publisert 16.03.2022

Alle foreldre har plikt til å forsørge barna sine, uavhengig av om dei bur ilag med barnet eller ikkje. Forsørgingsplikta strekker seg så langt som foreldra har økonomisk evne til, og størrelsen på bidraget kjem derfor an på inntekta til den bidragspliktige.

I situasjonar der den bidragspliktige får behov for sosialstønad, kan personen få støtte til nødvendige levekostnader. Vedkomande må då søke om å få sett barnebidraget til 0,- kroner. Det er fordi det er forventa at den som mottek sosialstønad nyttar alle moglegheiter til å redusere utgiftene sine. I ein områdingsperiode kan det vere aktuelt å rekne utgifter til løpande barnebidrag som nødvendig levekostnad. Det må i alle saker gjerast ei individuell vurdering. Bidragsgjeld vert ikkje rekna som nødvendig levekostnad.

Les meir i brevet frå Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.