«Inntil-vedtak» om sosialstønad er i strid med forvaltingslova og sosialtenestelova

Mange Nav-kontor har hatt praksis med å gjere “rammevedtak” eller “inntil‐vedtak” om sosialstønad, der det ikkje kjem nøyaktig fram kva beløp Nav vil utbetale. Arbeids- og velferdsdirektoratet har no slått fast at dei som får innvilga økonomisk stønad har rett til samtidig utmåling.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.03.2021, Sist endra 12.03.2021

Arbeids- og velferdsdirektoratet er gitt fullmakt til å tolke sosialtenestelova, og dei presiserer i eit brev til Statsforvaltaren i Vestland 23. februar i år at Nav må fastsetje eit konkret beløp når dei innvilgar søknader om økonomisk stønad, og at Nav må utbetale dette beløpet. Direktoratet presiserer i brevet at: «Det er ikke adgang til å holde tilbake innvilget stønad.»

Videre skriv direktoratet blant anna:

«Vi forstår det slik på henvendelsen at NAV-kontor har laget seg «praktiske ordninger» for å ivareta hensynet til brukers forutberegnelighet og effektiviteten til NAV-kontoret best mulig, men det kan ikke gå på tvers av hensynet til retten til utmåling og saksbehandlingsregler.»

Klikk her for å lese heile brevet frå Arbeids- og velferdsdirektoratet.

I brevet viser Arbeids- og velferdsdirektoratet til ein informasjonsmail som dei sende til fylkesmennene den 8. november 2020. I denne e-posten skriv dei mellom anna at:

«For NAV‐kontorene innebærer dette i praksis at søknad, om blant annet dekning av strømutgifter, egenandelstak eller tannbehandling, først kan vurderes når det foreligger nødvendig dokumentasjon på det faktiske stønadsbehovet og beløpet.»

Klikk her for å lese heile informasjonsmailen frå Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Direktoratet har tatt den refererte teksten med i eit innlegg som dei har lagt ut på navet, klikk her for å lese ei utskrift av innlegget på Navet.

Vi hjå Statsforvaltaren i Vestland vil leggje Arbeids- og velferdsdirektoratets avklaring til grunn ved behandling av klagar og når vi fører tilsyn med Nav-kontoras handtering av oppgåver etter sosialtenestelova.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.