Barnefamiliar som treng hjelp frå Nav kan oppleve svikt i tenestene

Helsetilsynet gjennomførte i 2020-2021 ei risikovurdering av sosiale tenester i Nav. Formålet var å finne område der det er risiko for at brukarar og familiane deira kan oppleve svikt i tenestene.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.10.2022, Sist endra 24.10.2022

Områda som vart rangert med høgast risiko for svikt er:

  • barns behov blir ikkje tilstrekkeleg kartlagt
  • barn og unge får ikkje eit samordna tenestetilbod
  • den sosiale situasjonen og helsesituasjonen til dei som søkjer om sosiale tenester blir ikkje tilstrekkeleg kartlagt
  • personar som har, eller står i fare for å få sosiale problem, får ikkje tilbod om tenesta opplysning, råd og rettleiing

Du kan lese heile rapporten til Helsetilsynet på deira nettstad.

Rapporten kan vere relevant for kommuneleiing og Nav-leiarar i arbeidet med å forbetre praksis ved Nav-kontora.

Helsetilsynet følger opp resultata gjennom tilsyn. I det landsomfattande tilsynet i 2022-2023 skal Statsforvaltarane føre tilsyn med ivaretaking av barns behov når familien søker økonomisk stønad. Du kan lese om dette tilsynet på nettstaden til Helsetilsynet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.