Statsborgarseremoniar i Håkonshallen

Arbeidsminister Marte Mjøs Persen heldt tale til dei nye statsborgarane og gjestene deira frå scena i Håkonshallen
Arbeidsminister Marte Mjøs Persen heldt tale til dei nye statsborgarane og gjestene deira frå scena i Håkonshallen Foto: Edvard Høgestøl.

Søndag 3. september vart det arrangert heile fire seremoniar i Håkonshallen. Statsråd Marte Mjøs Persen og statsforvaltar Liv Signe Navarsete heldt talane for våre nye landsmenn og gjestene deira.

Publisert 04.09.2023

Pianist Rune Alver og fiolinist Sunniva Herland Monstad sto for det musikalske tonefølgjet.

Som ein del av seremonien avla dei som var til stades statsborgarløftet, og kvar einskild vart deretter ropt opp for å få gåvebok frå statsforvaltaren.

Håkonshallen, bygd i 1261, er ein naturleg stad for slike seremoniar. Hallen og heile festningsneset var i si tid sentrum for styringa av «Noregsveldet», og både slott, bustad og regjeringsbygg i eit.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar