Dobbel statsborgarseremoni i Håkonshallen

Nokre av dei nye statsborgarane.
Nokre av dei nye statsborgarane. Foto: Vigleik Brekke.

Søndag 12. juni var Håkonshallen nok ein gong fylt av nye norske statsborgarar og gjestene deira, for første gong sidan før pandemien. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.06.2022

Med unntak av under pandemiåra har nye norske statsborgarar blitt invitert til høgtideleg seremoni sidan 2006/2007. Etter to års pause er markeringane i gang igjen, og aldri har det vore fleire inviterte enn i desse dagar. Søndag 12. juni arrangerte vi to seremoniar i Håkonshallen. 

Talar og kultur

Fung. statsforvaltar Gunnar O. Hæreid leia begge seremoniane. Tom Georg Indrevik, ordførar i Øygarden, haldt hovudtalen på den første seremonien og Rune Bakervik, ordførar i Bergen, haldt den andre.

Kulturinnslaga var ved den anerkjente pianisten Rune Alver, og sopran Lydia Hoen Tjore, som til dagleg er solist ved Den Norske Opera & Ballett.

Seremoniar framover

Dei som har fått statsborgarskap seinhaustes 2021 og fram til august 2022 og som ikkje har blitt invitert enno, vil bli invitert på seremoni i Bergen eller Førde ut på hausten.

Gunnar O. Hæreid.JPGFungerande statsforvaltar i Vestland, Gunnar O. Hæreid. (Foto: Vigleik Brekke)

Offisielle representantar.JPGErik Alf Bøe, kommandant på Bergenhus Festning, Ane Kvaal, visepolitimeister, Tom Georg Indrevik, ordførar i Øygarden og Gunnar O. Hæreid, fungerande statsforvaltar i Vestland. (Foto: Vigleik Brekke)

Lydia Hoen Tjore.JPGSopran Lydia Hoen Tjore. (Foto: Vigleik Brekke)

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.