Samling om tilsyn med integreringslova
Tema for det nasjonale tilsynet i perioden 2026–2028 er klart. Informasjon om aktuelle temaområde frå vår samling 3. mars 2026 er tilgjengeleg.
Statsforvaltaren i Vestland skal i perioden 2026–2028 gjennomføre tilsyn med ordningane samfunnskunnskap og introduksjonsprogrammet etter integreringslova. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) har fastsett tema for den kommande nasjonale tilsynsperioden. Hovudtemaet for det nasjonale tilsynet i perioden 2026–2028 er:
«Deltakaren sin integreringsplan – vegen til eit tilpassa og målretta introduksjonsprogram»
I samband med innføringa av det nye temaet for tilsynet har vi invitert kommunane og fylkeskommunen til ei samling der vi gjekk gjennom dei tre deltemaa:
- fastsetjing av sluttmål,
- gjennomføring av opplæring i samfunnskunnskap og omfanget av introduksjonsprogrammet, og
- sentrale føresegnene som ligg til grunn for tilsynet.
Presentasjonane frå dei tre temaområda for tilsynet finn de til høgre.
Kontaktpersonar
-
Astrid Terese Aam
Tlf: 57 64 31 85 -
Alan Khaderi
Tlf: 57 64 31 07 -
Sofie Førlie
Tlf: 57 64 30 26