Opplæring i engelsk gjennom FOV

Vaksne utan rett til grunnskuleopplæring etter § 2-1 kan ha rett til førebuande opplæring for vaksne (FOV) etter opplæringslova § 18-2 dersom dei treng førebuande opplæring i fag eller grunnleggande ferdigheiter.

Publisert 30.10.2025

Retten til førebuande opplæring er knytt til behovet for opplæring. Dette kan vere på grunn av manglande eller ikkje tilfredsstillande tidlegare opplæring, behov for opplæring i fag som ikkje var ein del av læreplanen då søkaren fekk si grunnskuleopplæring, eller behov for ny opplæring grunna sjukdom eller skade. Når ein vurderer om ein søkar treng førebuande opplæring skal ein ta omsyn til kva søkaren sjølv meiner.

Det er viktig å merke seg at vurderinga ikkje berre baserer seg på søkaren si eiga meining. Det skal vere låg terskel for å få rett til opplæring, men søkaren si eiga meining skal ikkje vere avgjerande aleine.

Dersom ein vaksen ønsker førebuande opplæring i engelsk skal ein vurdere vilkåra i § 18-2. Det blir avgjerande for vurderinga om søkaren "treng" slik opplæring. Dette er eit skjønsmessig vilkår som krev ei konkret vurdering. I forarbeidet til lova heiter det at "personar med opplæring på grunnskulenivå frå andre land må bedømmast ut frå dei behova for opplæring dei har etter norske forhold".

Om deltakaren treng vitnemål kan det til dømes vere nødvendig med opplæring i FOV i norsk og engelsk dersom vedkommande ikkje har det frå tidlegare utdanning. Kommunen må gjere ei heilskapleg vurdering av om ein søkar treng FOV i faget.

Deltakarar som har rett til FOV skal få vurdert sin realkompetanse slik at dei kan plasserast i rett modul.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar