Avklaringar frå IMDi
Vi har fått to regelverksavklaringar frå IMDi. Den eine gjeld berekning av introduksjonsprogram på fulltid. Den andre avklaringa gjeld sidestilling av opplæringslova og integreringslova.
Berekning av introduksjonsprogram på fulltid
Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) har fått avklaring frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID) om rammer for opplæring og berekning av introduksjonsprogram på fulltid.
AID har presisert at ein «time» skal forståast som 60 minutt. Kommunane står fritt til å organisere pausar som dei ønsker. Tidlegare praksis etter introduksjonslova, der ein «time» kunne vere 45 minutt gjeld ikkje lengre.
AID har også presisert at eit fulltids introduksjonsprogram skal vere på mellom 30 og 40 timer per veke, med eit gjennomsnitt på 37,5 timar. Den tidlegare praksisen med å rekne om undervisningstimar frå 45 til 75 minuttar for å berekne fulltidsprogram er ikkje vidareført.
IMDi har oppdatert rettleiaren til integreringslova med avklaringa, og avklaringa er publisert som eit vedlegg til rettleiaren.
Samfunnsfag og samfunnskunnskap etter opplæringslova og integreringslova
Frå 1. juli 2025 blei læreplanen i norsk for språklege minoritetar etter FOV sidestilt med læreplanen i norsk for vaksne innvandrarar for personar med rettigheiter etter både integreringslova og opplæringslova.
Læreplanen i samfunnsfag i FOV etter opplæringslova blei derimot ikkje sidestilt med læreplanen i samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Dette har vore eit bevisst val frå lovgivar si side grunna ulikheitene i innhaldet i og rammene for dei to læreplanane.
Den same vurderinga ligg også til grunn for fritaksreglane som omtalar norsk etter FOV, men ikkje samfunnsfag etter FOV. Ein kan altså ikkje få undervisning i samfunnskunnskap etter integreringslova ved å bruke læreplanen i samfunnsfag etter FOV, og ein kan heller ikkje få fritak frå opplæring i samfunnskunnskap etter integreringslova ved å ha gjennomført opplæring i samfunnsfag etter FOV.