Avklaring om gratis avsluttande norskprøve etter integreringslova § 37d

Kommunen har plikt til å legge til rette for ei avsluttande prøve i perioden deltakar har rett til opplæring i norsk.

Publisert 14.04.2026

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har gitt ei avklaring om kommunen si plikt til å tilby gratis avsluttande prøve i norsk etter integreringslova § 37 d. Avklaringa gjeld kor lenge denne plikta varer. 

Etter at fleire kommunar har stilt spørsmål om kommunen si plikt til å tilby gratis avsluttande prøve i norsk etter integreringslova § 37 d, tok vi spørsmålet vidare til Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) for ei avklaring. IMDi oversendte spørsmålet vidare til Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID). Vi fekk svar frå IMDi 27. mars 2026.

Det kjem fram av integreringslova § 37 d andre ledd at plikta til å avleggje prøve i norsk ikkje gjeld for personar med kollektiv beskyttelse. Kommunen skal likevel sørgje for at deltakarane får moglegheit til å avleggje ei gratis avsluttande prøve i norsk.

IMDi skriv i sitt brev at ordlyden i § 37 d andre ledd ikkje oppstiller ein frist for plikta kommunen har til å leggje til rette for at deltakaren får mogelegheit til å avleggje ei gratis avsluttande prøve. AID legg til grunn at plikta kommunen har til å legge til rette for ei avsluttande prøve er knytt til den perioden deltakaren har rett til opplæring i norsk, dvs. i eitt år frå oppstartstidspunktet.

Rettleiaren til integreringslova er no oppdatert med avklaringa. Sjå punkt 8.6.3. «Varighet av retten til opplæring i norsk, prøver og norskplan».

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.