Kan du få dekt behovet for rettshjelp på ein annan måte?
Inntekts- og formuesgrenser
Eigendel
Døme på saker som kan gi rett til fri rettshjelp
Slik går du fram for å søkje om fri rettshjelp
Informasjon til deg som er advokat
Kan du få dekt behovet for rettshjelp på ein annan måte?
Viss du kan få dekt behovet ditt for juridisk bistand på andre måtar eller gjennom andre ordningar, vil du som hovudregel ikkje få fri rettshjelp. Dette gjeld til dømes viss du har ei forsikring som dekkjer utgifter til juridisk bistand, eller viss du er medlem i ein organisasjon som dekkjer slike utgifter. Det same gjeld dersom det offentlege kan gi deg opplysningar og rettleiing om saka som du søkjer fri rettshjelp til. I slike tilfelle må du nytte deg av desse alternative ordningane.
Inntekts- og formuesgrenser
Frå og med 15. oktober 2025 er det store endringar i rettshjelpsordninga. Endringane skjer i samband med at ny lov om rettshjelp trer i kraft, og gjeld for advokatoppdrag som startar etter denne datoen.
I staden for separate krav til inntekt og formue tek den nye modellen utgangspunkt i den samla betalingsevna di. Dersom du har utgifter til barn, tek modellen også omsyn til det. Endringa fører til at langt fleire vil kunne få offentleg støtte til rettshjelp.
Du kan bruke rettshjelpskalkulatoren vår for å finne ut om du oppfyller vilkåra for fri rettshjelp. Her kan du også sjå ei førebels utrekning av kva eigendelen blir.
Eigendel
Dersom du får fri rettshjelp, må du betale ein eigendel av utgiftene. Eigendelen blir fastsett med utgangspunkt i betalingsevna di. Eigenandelen du skal betale er mellom 1 og 99 prosent av kostnaden til rettshjelpa alt etter kor god økonomi du har. Eigenandelen blir brukt å betale for arbeidet til advokaten og eventuelle utgifter som advokaten har hatt.
Dersom du får fri rettshjelp i ei sak utan økonomisk behovsprøving, skal du likevel ikkje betale eigenandel. Du skal heller ikkje betale eigenandel dersom inntekta di er lågare enn grunnbeløpet i folketrygda. Det er Statens innkrevingssentral som krev inn eigenandelen.
Døme på saker som kan gi rett til fri rettshjelp
Du kan få fri rettshjelp anten som fritt rettsråd (juridisk bistand utanom domstolsbehandling) eller som fri sakførsel (juridisk bistand i saker for domstolane, frå og med stemning). Dersom du får fri rettshjelp, kan du i nokre tilfelle òg få dekt eigne utgifter, som til dømes utgifter til tolk eller ei medisinsk utgreiing.
Sivilrettsforvaltninga har meir informasjon om kva sakstypar som kan gje rett til fri rettshjelp:
I kva saker kan du få fri rettshjelp i form av fritt rettsråd (sivilrett.no)
I kva saker kan du få fri rettshjelp i form av fri sakførsel (sivilrett.no)
Slik går du fram for å søkje om fri rettshjelp
Du kan søkje Statsforvaltaren om rettshjelp. Det er statsforvaltaren i fylket der du bur eller oppheld deg over noko tid som behandlar søknaden. I mange prioriterte sakstypar kan advokaten eller rettshjelparen sende inn eigen-innvilga rettsråd dersom dei økonomiske vilkåra er oppfylte. Då treng du ikkje sjølv sende søknad til Statsforvaltaren.
Dersom du bur i utlandet og har ei sak i Noreg, er det Statsforvaltaren i fylket som anten du eller saka har nærast tilknyting til, som behandlar søknaden. Dersom verken du eller saka har tilknyting til eit bestemt fylke, blir søknaden behandla av Statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus. Søknad om fri rettshjelp til ei sak i utlandet blir behandla av Statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus.
I det digitale søknadsskjemaet (som blir lansert 15. oktober) blir du rettleia gjennom alle relevante spørsmål. Du kan bli beden om å laste opp nødvendig dokumentasjon. I saker med økonomiske vilkår hentar løysinga automatisk inn opplysningar om økonomien din så sant det finst tilgjengelege skattedata. Løysinga tek også omsyn til økonomien til ein eventuell ektefelle eller sambuar, men desse opplysningane vil ikkje vere synlege for deg. Dersom du kjenner til at det er endringar i økonomien din eller ektefellens/sambuars økonomi, må du korrigere og dokumentere endringane.
Før du sender inn søknaden vil du få eit førebels svar på om dei økonomiske vilkåra tilseier at du får fri rettshjelp. Du får også ei mellombels utrekning av eigenandelsprosenten, altså kor stor prosent av utgiftene du må rekne med å betale sjølv.
Informasjon til deg som er advokat
Dersom advokatoppdraget starta før 15. oktober 2025, skal du framleis bruke rettsrad.no. For saker som starta før denne datoen, gjeld dei økonomiske vilkåra og ordninga for eigenandel slik reglane var fram til 15. oktober.
Du finn meir informasjon i Rundskriv om fri rettshjelp (sivilrett.no)
Om rettshjelpskalkulatoren
Kalkulatoren gjer ei førebels berekning av betalingsevne og eigenandel. Kalkulatoren finn du når du har logga inn i rettshjelpsportalen. Her kan du søkje på personnummer og få opp dei økonomiske opplysningane automatisk, så sant søkjaren har skattedata. Du må korrigere eventuelle endringar i økonomien for å få riktig resultat.
Kalkulatoren kan òg brukast utan innlogging, men då må du sjølv fylle inn dei økonomiske opplysningane. Bruk kalkulator utan innlogging.