Regionale samlingar om gode lokalsamfunn og berekraftige tenester
Den regionale koordineringsgruppa for Bu trygt heime inviterer til samlingar for kommunane i Vestland. Erfaringsdeling på tvers av kommunar og lokalsamfunn står på dagsorden.
Bu trygt heime er ei langsiktig, heilskapleg satsing, som skal bidra til at fleire kan leve gode liv i eigen heim og nærmiljø lengst mogleg. For å lukkast med dette trengst det brei deltaking, samskaping og evne til å endre arbeidsmåtar i takt med samfunnsutviklinga.
Samlinga legg til rette for at kommunane får
- dele erfaringar knytt til arbeidet med utvikling av gode lokalsamfunn og berekraftige tenester, slik at innbyggjarane kan leve gode liv heime lengst mogleg.
- gje innspel til kva kommunane treng for å lukkast med dette arbeidet.
Programmet for samlingane blir likt:
- Innleiing frå koordineringsgruppa – Korleis jobbar me for å støtte kommunane sitt arbeid?
- Erfaringsdeling
- Kva er me gode på?
- Kva utfordringar har me i arbeidet?
- Kva kan me gjere for å lukkast?
- Korleis kan det regionale nivået vere gode støttespelarar i arbeidet?
Fem samlingar
Stad |
Dato |
Kommunar |
| Bergen | 9. mars | Bergen, Vaksdal, Alver, Modalen, Masfjorden, Austrheim, Fedje, Gulen, Askøy, Øygarden, Osterøy |
| Stord | 12. mars | Etne, Stord, Bømlo, Sveio, Fitjar, Austevoll, Tysnes, Kvinnherad |
| Øystese | 17. mars | Bjørnafjorden, Samnanger, Kvam, Voss, Ullensvang, Eidfjord, Ulvik |
| Leikanger | 23. mars | Vik, Aurland, Luster, Sogndal, Høyanger, Lærdal, Årdal |
| Skei | 24. mars | Stad, Gloppen, Stryn, Sunnfjord, Askvoll, Bremanger, Fjaler, Kinn, Hyllestad, Solund |
Vi ønskjer brei deltaking
Vi ønskjer at ein representant frå kommunen har oversikt over påmelde frå sin kommune. Ta kontakt med kommunen din om du er interessert i å delta. Informasjon og påmeldingsskjema er sendt til kommunane. Påmeldingsfristen er sett til 5. februar.
Vi ønskjer brei deltaking frå målgruppene. Eldrerådet bør vera representert på samlinga. I utgangspunktet har me plass til fem deltakarar frå kvar kommune.
Målgruppe:
- kommunale leiarar og nøkkelpersonar innan
- samfunns-, areal- og bustadplanlegging
- folkehelse, kultur og lokalsamfunnsutvikling
- tenesteutvikling i helse og omsorg
- arbeidsgjevar-/kompetanseutvikling
- medlemmer i eldreråda
- andre sentrale medspelarar i satsinga
Vi ser fram til nyttige og engasjerande dagar saman!
Den regionale koordineringsgruppa for Bu trygt heime består av Statsforvaltaren i Vestland, Vestland fylkeskommune, Husbanken, KS, fylkeseldrerådet og Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester.