Trygt og godt barnehagemiljø

Alle barn har rett til eit godt og trygt barnehagemiljø utan krenkingar og mobbing. Barnehagen skal sørgje for at barna har det trygt og godt. Dersom eit barn ikkje har det trygt og godt, skal dei tilsette melde frå til styrar. Barnehagen skal undersøke saka og setje inn tiltak.

Det er innført skjerpa aktivitetsplikt dersom ein som arbeider i barnehagen krenkjer eit barn.

På denne sida kan du lese meir om reglane for det psykososiale barnehagemiljøet

  1. Ved alle handlingar som rører barn, anten dei blir gjorde av offentlege eller private velferdsorganisasjonar, domstolar, administrative styresmakter eller lovgjevande organ, skal barnets beste vere eit grunnleggjande omsyn.
  2. Partane påtek seg å sikre barnet den vern og omsorg som er nødvendig for barnets trivsel, med omsyn til rettane og forpliktingane til barnets foreldre, verjer eller andre personar som har det juridiske ansvaret for barnet. Dei skal setje i verk alle eigna lovgjevingsmessige og administrative tiltak for dette føremålet.
  3. Partane skal sikre at institusjonar og tenester som har ansvar for omsorg eller vern av barn, følgjer dei standardane som er fastsette av dei kompetente styresmaktene, særleg når det gjeld tryggleik, helse, talet på tilsette og kvalifikasjonane deira, samt kvalifisert tilsyn.

FNs barnekomité skriv i den generelle kommentaren at barnets beste er eit dynamisk omgrep, og at føresegna gir ei ramme for å fastsetje og vurdere barnets beste. Målet er å sikre barnet ei heilskapleg fysisk, psykisk, moralsk og åndeleg integritet og å fremje barnets menneskeverd. Barnets beste er eit tredelt konsept:

  1. a) Ei sjølvstendig rett – ei plikt for statane
    b) Eit grunnleggjande juridisk prinsipp – den tolkinga som best tener barnet sitt beste, skal veljast
    c) Ei prosedyreføresegn – i avgjerdsprosessen må ein vurdere moglege konsekvensar

Når det gjeld barnehagemiljø spesielt, inneber dette ei heilskapleg vurdering av barnets beste ut frå moment som familie, nettverk, helse, barnehagegruppa, vener, omgivnader, interesser, vaksne som barnet har preferansar for, utviklingsmoglegheiter og kven barnet sjølv er.

Ei vurdering av barnet sitt beste skal gjennomførast på alle nivå i saksbehandlinga – både av barnehagen, barnehageeigaren og kommunen som barnehagemyndigheit.

Opplæringslova kapittel 12 skal sikre at alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø. Dersom ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø, kan eleven eller foreldra melde saka til Statsforvaltaren. Statsforvaltaren skal vurdere om skolen har oppfylt aktivitetsplikta etter §§ 12-4 og 12-5. Statsforvaltaren fattar enkeltvedtak om kva skolen skal gjere, og vedtaket kan påklagast etter reglane i forvaltningslova.

Av barnehagelova kapittel VIII § 41 går det fram at barnehagen ikkje skal godta krenkingar som til dømes utestenging, mobbing, vald, diskriminering og trakassering. Barna i barnehagen har likevel ikkje den same individuelle klageretten som skoleelevane har. Lovgivar har fastsett at det er barnehageeigaren som har ansvaret for at føresegna blir følgd, medan barnehagemyndigheita skal rettleie og føre tilsyn med at reglane blir overhaldne.

Barnehageeigaren har ifølgje barnehagelova § 7 ansvaret for at barnehagen blir driven i samsvar med gjeldande lover og forskrifter. Denne føresegna regulerer barnehageeigaren sitt ansvar, mellom anna ansvaret for at barnehagen følgjer barnehagelova sine krav.

I tillegg har barnehageeigaren ansvaret for at barnehagen oppfyller dei krava som anna regelverk stiller. Barnehageeigaren har sjølv ansvaret for å halde seg oppdatert på dei lokale og sentrale krava som til ei kvar tid blir stilte til barnehagedrift, medan barnehagemyndigheita skal rettleie og føre tilsyn med at føresegna blir etterlevd.

Kommunen er lokal barnehagemyndigheit. Barnehagelova § 10 synleggjer at kommunen som barnehagemyndigheit har det overordna ansvaret for å sikre at barna i barnehagen får eit godt og forsvarleg barnehagetilbod.

Barnehagemyndigheita kan gjere dette gjennom rettleiing eller gjennom tilsyn med barnehageeigarar og barnehagar. Det er barnehagemyndigheita som gjennom aktiv rettleiing eller tilsyn skal sjå til at barnehagane blir drivne i tråd med dei krava som følgjer av barnehagelova med tilhøyrande forskrifter.

Barnehagemyndigheita skal sikre eit heilskapleg barnehagetilbod som er av god kvalitet og tilpassa lokale forhold og behov. Barnehagemyndigheita skal, som tidlegare nemnt, føre tilsyn med barnehagane i kommunen.

Vidare skal kommunen som barnehagemyndigheit likebehandle private og kommunale barnehagar når dei utfører oppgåver, jf. barnehagelova § 11.

§ 41 Nulltoleranse og førebygging

Barnehagen skal ikkje godta krenkingar som til dømes utestenging, mobbing, vald, diskriminering og trakassering. Alle som arbeider i barnehagen, skal gripe inn når eit barn blir utsett for slike krenkingar.

Barnehagen skal førebyggje situasjonar der barn ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø, ved å arbeide kontinuerleg for å fremje helsa, trivselen, leiken og læringa til barna.

Personalet i barnehagen har plikt til å gripe inn når barnet ditt opplever å bli stengt ute frå leik og aktivitetar, dersom det opplever å bli mobba (til dømes erta, skjelt ut, plaga psykisk eller fysisk), eller dersom det er utsett for vald, blir diskriminert eller trakassert av andre barn eller vaksne.

Personalet skal heile tida arbeide for at barna skal ha eit trygt og godt barnehagemiljø, og dei er pålagde å arbeide med førebyggjande tiltak for å fremje barnas helse, trivsel, leik og læring.

Eigaren av barnehagen må sikre at personalet grip inn når eit barn opplever å bli stengt ute frå leik og aktivitetar, dersom det opplever å bli mobba (til dømes erta, skjelt ut, plaga psykisk eller fysisk), eller dersom det er utsett for vald, blir diskriminert eller trakassert av andre barn eller vaksne.

Eigaren av barnehagen må sørgje for at personalet heile tida arbeider for at barna skal ha eit trygt og godt barnehagemiljø, og eigaren er pålagd å sikre at barnehagen arbeider med førebyggjande tiltak for å fremje barnas helse, trivsel, leik og læring.

Dette arbeidet kan sikrast ved at det blir etablert faste rutinar, kombinert med refleksjonsarbeid og pedagogisk praksis.

Kommunen som barnehagemyndigheit kan føre tilsyn med barnehagen for å kontrollere at personalet eller barnehageeigaren grip inn dersom eit barn i barnehagen blir utsett for krenkingar. I tillegg kan barnehagemyndigheita kontrollere korleis barnehagen arbeider for å sikre eit trygt og godt barnehagemiljø, at barnehagen jobbar førebyggjande, og at dei kontinuerleg arbeider for å fremje barn si helse, trivsel, leik og læring gjennom tilsyn.

§ 42 Plikt til å sikre at barnehagebarna har eit trygt og godt psykososialt barnehagemiljø (aktivitetsplikt)

Alle som arbeider i barnehagen, skal følgje med på korleis barna i barnehagen har det. Alle som arbeider i barnehagen, skal melde frå til barnehagen sin styrar dersom dei får mistanke om eller kjennskap til at eit barn ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø.

Styraren skal melde frå til barnehageeigaren i alvorlege tilfelle. Ved mistanke om eller kjennskap til at eit barn ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø, skal barnehagen snarast undersøkje saka.

Når eit barn eller foreldra seier at barnet ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø, skal barnehagen undersøkje saka og, så langt det finst eigna tiltak, sørgje for at barnet får eit trygt og godt barnehagemiljø. Det same gjeld når ei undersøking som barnehagen sjølv har sett i gang, viser at eit barn ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø. Tiltaka skal veljast på grunnlag av ei konkret og fagleg vurdering.

Barnehagen skal lage ein skriftleg plan når det skal gjennomførast tiltak i ei sak. I planen skal det stå:

  1. kva problem tiltaka skal løyse
  2. kva tiltak barnehagen har planlagt
  3. når tiltaka skal gjennomførast
  4. kven som skal gjennomføre tiltaka
  5. når tiltaka skal evaluerast

Du som forelder kan ta kontakt med barnehagen dersom barnet ditt ikkje har det trygt og godt i barnehagen. Alle som jobbar i barnehagen, skal følgje med på at barna har det bra. Dersom ein vaksen veit eller mistenkjer at eit barn blir mobba, plaga eller på andre måtar ikkje har det bra, skal dei alltid:

  • gripe inn og stanse krenkinga med ein gong
  • seie frå til styrar i barnehagen
  • undersøkje kva som har skjedd
  • setje inn tiltak og lage ein plan for å sikre at barnet får eit trygt og godt barnehagemiljø

Barnehagepersonalet skal følgje med på korleis barnet ditt har det i barnehagen. Dei skal gripe inn dersom barn blir utsett for krenkingar. Dette kan til dømes vere utestenging frå leik, plaging, mobbing, vald eller diskriminering. Alle som arbeider i barnehagen, har plikt til å melde frå til styrar dersom dei mistenkjer eller har kjennskap til at barnet ditt ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø. Dersom saka er alvorleg, skal styraren melde frå til eigaren. Barnehagen må deretter undersøkje saka vidare.

Når eit barn eller foreldre meiner at miljøet ikkje er trygt og godt, må barnehagen setje inn eigna tiltak. Det same gjeld dersom barnehagen gjer eigne undersøkingar som viser at barnet ikkje har det trygt og godt. Tiltaka skal veljast på grunnlag av ei konkret og fagleg vurdering.

Når det skal gjerast tiltak i ei sak, skal barnehagen lage ein skriftleg plan. Denne planen må innehalde følgjande punkt:

  • kva problem tiltaka skal løyse
  • kva tiltak barnehagen har planlagt
  • når tiltaka skal gjennomførast
  • kven som skal gjennomføre tiltaka
  • når tiltaka skal evaluerast

Foreldra kan be om informasjon om kva rutinar barnehagen har i arbeidet med det psykososiale miljøet i barnehagen.

Alle som jobbar i barnehagen, skal følgje med på at barna har det bra. Dersom ein vaksen veit eller mistenkjer at eit barn blir mobba, plaga eller på andre måtar ikkje har det bra, skal han eller ho alltid:

  • gripe inn og stoppe krenkinga med ein gong
    • seie frå til styrar i barnehagen
    • undersøkje kva som har skjedd
    • setje inn tiltak og lage ein plan for å sikre at barnet får eit trygt og godt barnehagemiljø

Den enkelte tilsette skal vere årvaken og aktivt observere korleis barna agerer både kvar for seg og seg imellom. At dei tilsette følgjer med, er ei føresetnad for at dei kan få mistanke eller kjennskap til at eitt eller fleire barn ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø. Dei skal gripe inn dersom barn blir utsette for krenkingar. Dette kan til dømes vere utestenging frå leik, plaging, mobbing, vald eller diskriminering.

Plikta til å følgje med og melde frå gjeld for alle tilsette i barnehagen, uavhengig av om dei er fast eller midlertidig tilsette, jobbar heiltid eller deltid, eller kven som er arbeidsgivar. Terskelen for å melde frå skal vere låg. Til dømes kan ein tilsett gjennom observasjon få mistanke om at eit barn ikkje har det trygt og godt. Ei låg terskel for å melde frå til styrar er nyttig for å samle og halde oversikt over barna.

All mistanke om og kjennskap til at eit barn ikkje har eit trygt og godt psykososialt barnehagemiljø, skal meldast til styrar.

I alvorlege tilfelle skal styrar melde frå til barnehageeigaren. Kva som er eit alvorleg tilfelle, vil vere ei skjønnsmessig vurdering i lys av føremålet med meldinga, til dømes valdshandlingar mot eit barn.

Når det skal gjerast tiltak i ei sak, skal barnehagen lage ein skriftleg plan. Denne planen må innehalde følgjande punkt:

  • kva problem tiltaka skal løyse
    • kva tiltak barnehagen har planlagt
    • når tiltaka skal gjennomførast
    • kven som skal gjennomføre tiltaka
    • når tiltaka skal evaluerast

Alle barnehagar bør ha rutinar som viser korleis barnehagen sikrar at føresegna i kapittel VIII blir følgde opp.

 

Kommunen som barnehagemyndigheit kan føre tilsyn med den enkelte barnehage for å kontrollere at personalet eller barnehageeigaren følgjer med på korleis barna i barnehagen har det. Barnehagemyndigheita kan kontrollere kva barnehagen gjer når ho mistenkjer eller får kjennskap til at eit barn i barnehagen ikkje har det trygt og godt, og kva tiltak barnehagen set inn.

§ 43 Skjerpa aktivitetsplikt dersom ein som arbeider i barnehagen krenkjer eit barn

Dersom ein som arbeider i barnehagen, får mistanke om eller kjenner til at ein annan som arbeider i barnehagen, krenkjer eit barn med til dømes utestenging, mobbing, vald, diskriminering eller trakassering, skal vedkomande straks melde frå til styraren i barnehagen. Styraren skal melde frå til barnehageeigaren.

Dersom ein som arbeider i barnehagen, får mistanke om eller kjenner til at styraren i barnehagen krenkjer eit barn med til dømes utestenging, mobbing, vald, diskriminering eller trakassering, skal vedkomande melde frå direkte til barnehageeigaren.

Undersøkingar og tiltak etter § 42 tredje og fjerde ledd skal setjast i verk straks.

Dersom ein som arbeider i barnehagen får kjennskap til at ein annan tilsett krenkjer eit barn, skal dette straks meldast frå til styrar. Dersom det er styrar som krenkjer eit barn, skal det meldast frå direkte til barnehageeigaren.

For mindre einingar der til dømes styrar og eigar er same person, bør det utarbeidast rutinar for å melde frå. Foreldrene kan etterspørje korleis føresegna blir sikra.

Dersom ein som arbeider i barnehagen får kjennskap til at ein annan tilsett krenkjer eit barn, skal dette straks meldast frå til styrar. Dersom det er styrar som krenkjer eit barn, skal det meldast frå direkte til barnehageeigaren.

For mindre einingar der til dømes styrar og eigar er same person, bør det utarbeidast rutinar for å melde frå. Det bør informerast om korleis føresegna blir sikra.

Kommunen som barnehagemyndigheit kan, som nemnt ovanfor, kontrollere gjennom tilsyn. Barnehagemyndigheita kan kontrollere kva barnehagen gjer når han mistenkjer eller får kjennskap til at eit barn i barnehagen ikkje har det trygt og godt, og kva for tiltak barnehagen set inn.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Barnehagelova kapittel VIII

Føresegnene om psykososialt barnehagemiljø, barnehagelova kapittel VIII, trådde i kraft 01.01.2021. Her finn vi reglar om nulltoleranse og førebyggjande arbeid i barnehagar. Det er innført aktivitetsplikt for å sikre at barnehagebarn har eit trygt og godt psykososialt barnehagemiljø. Alle tilsette pliktar å følgje med på korleis barna har det og skal gripe inn dersom eit barn blir utsett for krenkingar  
Barnehagelova kapittel VIII