Nasjonale minoritetar sine rettar
Alle barn i barnehage, unge, vaksne og lærlingar i skulen skal møtast som einskildindivid uavhengig av sosial, etnisk og religiøs bakgrunn. Vern av minoritetar er ein viktig del av menneskerettane, og byggjer på prinsippa om likebehandling og ikkje-diskriminering.
Kva er ein nasjonal minoritet?
Noreg har, i tillegg til samane, fleire folkegrupper som har århundrelang tilknyting til landet. Desse folkegruppene har bidrege til å forme kulturarven vi har i Norge, og vi kallar dei nasjonale minoritetar. Vi har fem nasjonale minoritetar: kvenar/norskfinnar, jødar, skogfinnar, rom og romanifolk/taterar. Nordsamisk, sørsamisk, lulesamisk, kvensk, romanes og romani er definert som minoritetsspråk i Norge, og er beskytta av minoritetsspråkpakta.
Rettar
Vern av minoritetar er ein viktig del av menneskerettane og bygger på prinsippa om likebehandling og ikkje-diskriminering. I FN konvensjonen artikkel 27 går det mellom anna fram at minoritetar ikkje skal nektast retten til å dyrke sin eigen kultur, utøve sin eigen religion eller bruke sitt eige språk.
Nasjonale minoritetars rettar er i utgangspunktet formulert som rettar individa har, saman med andre i si gruppe. Barnehagelova og opplæringslova med forskrifter er styrande dokument for innhaldet i barnehagen og rammeverk for skulen.
Barnehagebarn
I barnehagelova §§ 1 og 2 står det mellom anna at
- barnehagen skal fremje demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering
- barnehagen skal ta omsyn til barna sin alder, funksjonsnivå, kjønn, sosiale, etniske og kulturelle bakgrunn
Rammeplanen vektlegg viktigheita av kulturelt mangfald og identiteten til einskiltbarn og kulturell tilhøyrigheit.
Elevar i grunnopplæringa
Opplæringslova med forskrifter har eigne reglar om samisk innhald i opplæringa jf. § 1-5. Lova regulerer òg retten til opplæring i og på samisk i grunnskolen. Samiske elevar har rett til opplæring i samisk språk, og elevar i språkutviklings- og språkvitaliseringskommunar har rett til opplæring i og på samisk. Det finst òg reglar for når elevar i andre kommunar kan få slik opplæring, jf. § 3‑2.
I vidaregåande opplæring har samiske elevar rett til opplæring i samisk som første- eller andrespråk. Denne retten gjeld uavhengig av kor i landet dei bur. Elevar som har hatt opplæring i eller på samisk i grunnskolen, har òg rett til opplæring i samisk i vidaregåande opplæring, jf. § 6‑2.
Tilskot til samisk, kvensk eller finsk opplæring for elevar i vidaregåande opplæring
Fylkeskommune og private vidaregåande skular, godkjent etter privatskulelova, kan søke om tilskot til samisk, kvensk eller finsk opplæring. Søknadsfrist er 15. mai.
Meir informasjon om tilskotsordninga, søknadsfrist og utfylling av elevskjema finn du på Utdanningsdirektoratet sine heimesider, Kvensk eller finsk og Samisk.
Udirs informasjon om nasjonale minoritetar for tilsette i barnehage og skule: Nasjonale minoriteter | udir.no
Kontaktpersonar
-
Tanja Holum
Tlf: 57 64 31 10