Klage på standpunkt
Elevar har rett til å klage på korleis standpunktkarakteren er fastsett og på vedtak om å ikkje fastsetje standpunktkarakter (IV).
Du som er elev i grunnskule og vidaregåande skule kan finne informasjon om kva du kan klage på, kven som kan klage og korleis du går fram dersom du vil klage her: Informasjon til elev og føresette om klage på fastsetjing av standpunktkarakter.
Rettleiing til vaksne deltakarar:
- Retteleiar til deltakarar om klage på fastsetting av modulkarakter FOV
- Retteleiar til deltakarar om klage på fastsetjing av standpunktkarakterer FOV og VOV
Skulane finn våre rettleiingar her:
- Rettleiing – klagebehandling ved klage på fastsetjing av standpunktkarakter i fag
- Rettleiing – klagebehandling ved klage på vedtak om ikkje å fastsetje standpunktkarakter i fag
- Rettleiing – klagebehandling ved klage på fastsetjing av standpunktkarakter i orden og oppførsel
Kommunane og fylkeskommunen finn våre rettleiarar her:
- Rettleiar til kommune-fylkeskommune om klage på fastsetting av standpunktkarakter - vaksne
- Rettleiar til kommunen om klage på fastsetting av modulkarakter FOV
Det er viktig for elevane at klagene blir ferdigbehandla før fristane for inntak til vidaregåande opplæring og opptak til høgare utdanning. Vi ber difor kommunane og fylkeskommunen om å sende inn alle saker så raskt som råd. Vi vil prioritere klagene frå elevar som avsluttar opplæringa og skal ha vitnemål. Skuleeigar må sikre at skulane har tilstrekkelege system for å handtere klager som blir avgjort etter at lærarferien har starta.
Skjema i høgremenyen er for skular som skal sende inn standpunktkarakterklager til Statsforvalteren for behandling. Dersom du er elev og vil klage på ein standpunktkarakter, må du ta kontakt med rektor ved skulen. Skjemaet i høgremenyen skal nyttast av verksemder. For å sende inn dette skjemaet må du ha følgjandende rolle i Altinn for verksemda di: Dagleg leiar (dagl), utfyllar/innsendar (utinn).
Rettleiar til kommunen-fylkeskommunen om vedtak om ikkje å fastsette standpunktkarakter i fag - vaksne
Vaksne deltakarar har rett til å klage på vedtak om ikkje å fastsette standpunktkarakter i fag.
Publisert 07.04.2025
Rettleiar til kommunen om klage på fastsetting av modulkarakter FOV
Deltakarar i forberedande opplæring for vaksne, FOV, har rett til å klage på fastsetting av modulkarakter.
Publisert 07.04.2025
Rettleiar til kommune-fylkeskommune om klage på fastsetjing av standpunktkarakterer - vaksne
Vaksne deltakarar har rett til å klage på standpunktkarakter i fag.
Publisert 07.04.2025
Informasjon til vaksne deltakarar om klage på fastsetting av standpunktkarakter i forberedande opplæring for vaksne (kommunen) og vidaregåande opplæring for vaksne (fylkeskommunen)
Nedanfor finner du informasjon om korleis du kan klage på fastsetting av standpunktkarakter.
Publisert 07.04.2025
Informasjon til vaksne deltakarar om klage på fastsetting av modulkarakter i forberedande opplæring for vaksne
Nedanfor finner du informasjon om korleis du kan klage på fastsetting av modulkarakter.
Publisert 17.02.2025
Informasjon til elev og føresette om klage på fastsetjing av standpunktkarakter
Nedanfor finn du informasjon om korleis du kan klage på fastsetjing av standpunktkarakter.
Publisert 17.02.2025
Rettleiing – klagebehandling ved klage på fastsetjing av standpunktkarakter i orden og oppførsel
Alle elevar, og føresette til elevar under 18 år, har rett til å klage på standpunktkarakter i orden og oppførsel.
Publisert 17.02.2025
Rettleiing – klagebehandling ved klage på vedtak om ikkje å fastsetje standpunktkarakter i fag
Alle elevar, og føresette til elevar under 18 år, har rett til å klage på vedtak om ikkje å fastsetje standpunktkarakter i fag.
Publisert 17.02.2025
Rettleiing – klagebehandling ved klage på fastsetjing av standpunktkarakter i fag
Elevar og føresette til elevar under 18 år har rett til å klage på standpunktkarakter i fag.
Kontaktpersonar
Lenkjer
Hurtigklagebehandling
Alle elevar kan klage på standpunktkarakterane sine innan 10 dagar. Som eit ekstra tiltak for elevar som skal ha vitnemål tilbyr vi ei raskare behandling av klagen. Dette er ikkje ein rett som eleven har, men eit tilbod vi gir. Vi kan diverre ikkje garantere at alle får eit svar i løpet av juni. I hovudsak gjeld det fag som vert avslutta i VG3 SF og VG2 YF. Vi vil forsøke å behandle klager på 10. trinn innan fristen.
Frist for skulane for å sende inn klager på standpunkt til hurtigklagebehandling hos Statsforvaltaren er:
- 17. juni for vidaregåande opplæring
- 20. juni for grunnskulen