Svar på høyring om ny opplæringslov og endringar i friskulelova

Vi har gitt høyringsfråsegn til framlegget om ny opplæringslov og endringar i friskulelova.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.12.2021

Kunnskapsdepartementet sendte 26. august 2021 ut eit høyringsnotat angåande forslag til ny opplæringslov og endringar i friskulelova. I forslaget til ny opplæringslov blir mykje frå den noverande lova vidareført, noko er tatt ut, og nokre nye reglar er tekne inn. Det er eit mål at den nye lova skal bli enda betre for elevane enn lova som gjeld i dag. Dette handlar både om rettar i lova og at lova skal vere enklare å finne fram i og å forstå.

Statsforvaltaren i Vestland er i utgangspunktet, og jamt over, einig i dei foreslåtte endringane i høyringsnotatet. I vårt høyringssvar har vi tatt stilling til nokre av forslaga frå Kunnskapsdepartementet.

I menyen til høgre finn du vårt høyringssvar.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.