Statsforvaltaren har etter lovlegkontroll oppheva vedtak om ny leiarstruktur i barnehagar

Ullensvang kommune har gjort vedtak om endring av leiarstruktur i fleire barnehagar. Vi har i lovlegkontroll konkludert med at vedtaket er ugyldig, og har difor oppheva vedtaket.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.08.2022

I forslaget til årsbudsjett 2022 og økonomiplan 2022/25, som blei vedtatt med endringar av Ullensvang kommunestyre 21. desember 2021, går det fram at dei vedtar «[e]ndring/omstilling av leiingsstruktur på 6 barnehagar». Dette innebar at for seks barnehagar skulle to og to av dei ha felles styrar.

Etter barnehagelova og forarbeida til denne er deling av styrarressurs eit unntak frå hovudregelen om at kvar barnehage skal ha ein styrar. Slik Statsforvaltaren forstår dette er føresetnadene for at unntaket skal gjelde at:

  1. samordninga ikkje fører til svekking av styrarressursen i den enkelte barnehage
  2. det er ein tenleg, og ikkje for stor avstand mellom barnehagane
  3. det er dagleg oppfølging i kvar barnehage

Vi har konkludert med at dette vedtaket er ugyldig, og har difor oppheva det. Vi har vurdert dette fordi saka ikkje var tilstrekkeleg opplyst eller grunngitt. Det kom ikkje fram kva konkrete vurderingar som er gjorde rundt tiltaket med endring av leiarstruktur, eller kva kommunen har brukt som grunnlag for vurderinga. Det var heller ikkje gjort ei vurdering av barnets beste.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.