Vi har avslått Rudolf Steinerskolen sin søknad om godkjenning av skuleanlegg

Rudolf Steinerskolen i Bergen har over lengre tid ikkje hatt eit godkjent skuleanlegg. Skulen søkte om godkjenning av skuleanlegget 6. oktober 2023. Statsforvaltaren har no avslått søknaden.

Publisert 05.03.2024

Regelverk

Private skular må ha eit godkjent skuleanlegg. For å få godkjent skuleanlegget må skulen dokumentere at det ligg føre ferdigattest eller bruksløyve for lokala skulen skal bruke. Skulen må òg dokumentere at lokala er godkjende av kommunen etter reglane i forskrift om helse og miljø i barnehagar, skular og skulefritidsordningar.

Viss ikkje ferdigattest eller bruksløyve dokumenterer at branntryggleiken er tilfredsstillande, må skulen på eiga hand dokumentere dette. Om skulen har lagt fram naudsynte kommunale godkjenningar, skal Statsforvaltaren gjere ei sjølvstendig og heilskapleg vurdering av om lokala og uteområda er utforma og innreidde slik at dei er eigna som skuleanlegg.

Skulen kan ikkje dokumentere at branntryggleiken er ivaretatt

Det ligg føre ferdigattest eller førebels bruksløyve for alle bygga skulen skal bruke. Men for fleire av bygga dokumenterer ikkje bruksløyva at branntryggleiken er tilfredsstillande ivaretatt. Skulen har difor fått eit eksternt firma til å utføre branntekniske tilstandsvurderingar. Det kjem fram av desse vurderingane at det er avdekt avvik i alle bygga dei vurderte. Skulen har difor ikkje dokumentert at branntryggleiken er teken i vare.

Eitt bygg er ikkje godkjent av kommunen

Skulen har dokumentert at fleire av bygga er godkjende av kommunen etter forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler m.v. Men skulen har ikkje dokumentert at «Rieber Mohns veg 7» er godkjent.

Skulen har hatt lang tid på seg til å få skuleanlegget godkjent

Utdanningsdirektoratet påla skulen å få godkjent skuleanlegget allereie i 2009. I september 2023 varsla direktoratet at dei ville holde tilbake tilskot om skulen ikkje søkte Statsforvaltaren om godkjenning. Skulen søkte om godkjenning i oktober 2023. Statsforvaltaren har fleire gonger gitt skulen utsett frist for å sende inn naudsynt dokumentasjon. Når Statsforvaltaren no har fått konkret informasjon om at branntryggleiken ikkje er teken i vare, såg vi det som naudsynt å avslå skulen sin søknad.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.