Skuleeigar må gjere retten til samisk opplæring kjent

Opplæringslova §§ 3-2 og 6-2 gir elevar rett til samisk opplæring i grunnskulen og i vidaregåande skule. Skuleeigar har ansvar for å sikre at desse rettane blir oppfylte – og for å gi god informasjon til elevar og foreldre om kva dei har krav på.

Publisert 09.03.2026

Skuleeigar sine plikter

Skuleeigar har det overordna ansvaret for at krava i opplæringslova blir følgde. Dette omfattar òg elevane sine rettar til samisk opplæring jf. opplæringslova §§ 28-1 og 28-2. Ansvaret inneber at skuleeigar må sørgje for at elevar som har rett til opplæring i eller på samisk faktisk får eit forsvarleg og fagleg godt tilbod. Skuleeigar kan òg velje å tilby samisk som framandspråk.

Kommunen og fylkeskommunen skal gi god og tydeleg informasjon til elevar og foreldre om kva rettar dei har, jf. opplæringslova § 10-8. Dette betyr mellom anna at informasjon om samisk språkopplæring bør vere lett tilgjengeleg på nettsider, i direkte informasjon til føresette og i materiell som blir gitt til alle nye elevar og skolestartarar.

Private skular kan gi samisk opplæring, men har ikkje plikt til det.

Fjernundervisning 

Når kommunen eller fylkeskommunen ikkje har tilgang til lærarar som kan undervise i samisk, kan delar av opplæringa gjennomførast som fjernundervisning jf. opplæringslova § 14-4. For å kunne bruke fjernundervisning må opplæringa vere trygg og pedagogisk forsvarleg. I nokre tilfelle kan det derfor vere nødvendig at eleven får delar av undervisninga i eit samiskspråkleg miljø for å sikre at opplæringa legg til rette for måloppnåing i læreplanen. Dette gjeld særleg når opplæringa blir gitt som fjernundervisning.

Behovet for slik opplæring må vurderast konkret for kvar elev. Vurderinga skal handle om kva som er nødvendig for at eleven skal nå kompetansemåla i faget, og skal ikkje knytast til økonomi, ressursar eller kor mange som snakkar samisk i nærmiljøet.

Du kan lese meir om retten til opplæring i samisk og fjernundervisning her:

Retten til opplæring i og på samisk | udir.no
Rammeverk for samisk fjernundervisning | udir.no

Koordinering av fjernundervisning

Statsforvaltaren i Troms og Finnmark- og Nordland har koordineringsansvar for fjernundervisning i nord-, sør- og lulesamisk. Statsforvaltaren i Troms og Finnmark har mellom anna samla informasjon om regelverk, timetal, organisering og tilbydarar av fjernundervisning her: Samisk opplæring | Sámegiela oahpahus | Statsforvalteren i Troms og Finnmark

På Utdanningsdirektoratet sine heimesider finn du meir informasjon om retten til samisk opplæring Samisk i skolen

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar