Samisk opplæring i grunnskulen – rettar og plikter
Samiske elevar har rett til opplæring i samisk språk uavhengig av bustadkommune. Andre elevar har rett til opplæring i og på samisk dersom minst ti elevar i kommunen ber om det. Statsforvaltaren skal bidra til at opplæringa skjer i tråd med gjeldande lover og forskrifter.
Elevane sine rettar
Alle samiske elevar har rett til opplæring i samisk, også dei som bur utanfor språkutviklingskommunane (opplæringslova § 3-2). Elevane vel sjølve språk, – nordsamisk, sørsamisk eller lulesamisk – medan foreldra tek valet for elevar på 1.–7. trinn.
Felles ansvar
Statsforvaltaren, kommunen og skulen har eit felles ansvar for å sikre at retten blir oppfylt.
Statsforvaltaren
Vi skal rettleie om pliktene og følgje opp at regelverket blir etterlevd, slik at opplæringa skjer i samsvar med lov og forskrift.
Kommunen
Kommunen har det overordna ansvaret for at elevane, med rett til samisk opplæring, får det. De skal informere foreldre og elevane om rettane (opplæringslova § 10-8)) og sørge for:
- å stille nødvendige ressursar og læremidlar til disposisjon
- å følgje med på om opplæringa er forsvarleg, også fjernundervisninga viss skulen ikkje har lærar med rett kompetanse
- å tilby delar av opplæringa i eit samiskspråkleg miljø dersom det er nødvendig for at opplæringa skal vere pedagogisk forsvarleg
Skulen
Skulen har ansvar for den daglege gjennomføringa av opplæringa. De skal følgje opp:
- at opplæringa blir gjennomført i samsvar med Læreplanverket for Kunnskapsløftet – samisk
- at opplæringa følgjer fastsett fag- og timefordeling
- at fjernundervisninga følgjer krav til læringsmiljø, tilrettelegging og kvalitet
- elevens læringsutbytte og dokumentere vurderinga, slik at kompetansemåla blir nådd
Støttemateriell
Kontaktpersonar
-
Tanja Holum
Tlf: 57 64 31 10 -
Celine Lunder
Tlf: 57 64 31 06