Rett til skuleskyss

Elevar som ikkje går på nærskulen sin kan ha rett til skuleskyss. Det er fylkeskommunen ved Skyss som behandlar søknader om skuleskyss.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.05.2021

Rett til skyss for elevar som ikkje går på nærskulen
Kan kommunen setje vilkår om at foreldre må dekke skuleskyss?
Kven behandlar søknader om skuleskyss?
Kven har det økonomiske ansvaret for skyssen?
Elevar i friskule


Rett til skyss for elevar som ikkje går på nærskulen

Retten til skuleskyss følgjer av opplæringslova og retten gjeld for alle som har over 4 km mellom heim og skule for 2. -10. trinn. For elevar på 1. trinn er skyssgrensa 2 km. Retten til skuleskyss er ikkje knytt opp til at eleven går på nærskulen sin. Det betyr at retten til skuleskyss blir vurdert ut i frå den skulen eleven til ei kvar tid går på, uavhengig av kva som er nærskulen.

Elevar som har søkt om skulebyte og fått innvilga dette, vil som hovudregel også ha rett til skuleskyss dersom avstanden mellom heim og skule er over 2 eller 4 km.

Kan kommunen setje vilkår om at foreldre må dekke skuleskyss?

Dersom kommunen innvilgar søknad om å gå på ein annan skule enn nærskulen, kan dette utløyse rett til skuleskyss for eleven. Utgangspunktet er at kommunen ikkje kan setje vilkår om eigenbetaling av skuleskyss når dei innvilgar søknad om å gå på ein annan skule enn nærskulen.

Kommunen kan likevel krevje at føresette dekker kostnaden til skuleskyssen, dersom skulebyte ikkje har samanheng med retten til opplæring. Eksempel på dette er at eleven byter skule på grunn av geografisk plassering, at ein meiner den andre skulen er betre eller at eleven har venner/søsken på den andre skulen. I slike tilfelle vil ikkje skulebyte nødvendigvis vere eit tiltak for å sikre retten til opplæring, og når kommunen innvilgar skulebyte kan dei setje vilkår om at skuleskyssen blir dekka av føresette.

Dersom eleven byter skule for å få oppfylt retten til eit trygt og godt skulemiljø, eller retten til spesialundervisning, kan det ikkje setjast vilkår om eigenbetaling av skuleskyss. Både Utdanningsdirektoratet og Sivilombodsmannen har uttalt seg om dette.

Kven behandlar søknader om skuleskyss?

Det er fylkeskommunen ved skysselskapet Skyss som behandlar søknader om skuleskyss for elevar med lang avstand mellom heim og skule. Dette gjeld også i tilfelle der eleven ikkje går på nærskulen. Skulen melder inn søknader om skuleskyss for elevane, i Skyss sitt elektroniske søknadssystem.

I Vestland fylke har det vore praksis for at kommunane sjølve behandlar søknader om skyss for elevar som ikkje går på nærskulen. Dette vert no endra i tråd med regelverksavklaringar frå Utdanningsdirektoratet og fråsegner i sak for Sivilombodsmannen.

Kommunen behandlar søknader om skuleskyss for elevar med skuleveg som er særleg farleg eller vanskeleg, men der avstandskravet på 2 eller 4 km ikkje er oppfylt.

Kven har det økonomiske ansvaret for skyssen?

Opplæringslova § 13-4 regulerer kven som har ansvar for skuleskyssen . Fylkeskommunen er ansvarleg for skuleskyss i dei fleste tilfelle, til dømes når elevar har rett til skuleskyss på grunn av avstand, funksjonshemming eller kortvarig sjukdom/skade.

Kommunen er ansvarleg for skuleskyssen, dersom dei innvilgar ein søknad om å gå på annan skule enn nærskulen, og dette utløyser rett til skuleskyss for elevar som ikkje hadde skuleskyss til nærskulen.

Vedtak om skulebyte kan også medføre ekstra kostnader til skyss, til dømes ved at eleven må reise med drosje i staden for med buss. I slike tilfelle vil kommunen vere ansvarleg for dei ekstra kostnadene som kjem til på grunn av vedtaket om skulebyte. Fylkeskommunen er berre ansvarleg for utgiftene dei ville hatt til skyss til nærskulen.

Utdanningsdirektoratet kom 15.januar 2021 med ei fråsegn som gjeld fordelinga av det økonomiske ansvaret for skyss ved skulebyte til annan skule enn nærskulen. I fråsegna som du finn her, viser dei til fleire praktiske situasjonar som gjeld elevar med vedtak om skulebyte.

Kommunen vil ha ansvar for å krevje inn eigenbetalinga frå føresette, dersom det er sett vilkår om eigenbetaling i vedtak om skulebyte.


Elevar i friskule

Elevar i friskule har same rett til skuleskyss som elevar i offentleg skule, med unntak av at retten berre gjeld i kommunen der eleven bur. Det vil sei at elevar som går på friskule i nabokommunen, berre vil ha rett til skuleskyss til kommunegrensa. Dette følgjer av friskulelova § 3-7. Søknader om skyss til friskular vert behandla av fylkeskommunen ved Skyss.

Gjeld søknaden skyss på grunn av særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, er det kommunen som behandlar søknad om skyss.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.