Rett til meir opplæring

Elevar og vaksne deltakarar som har gjennomført vidaregåande opplæring, men ikkje bestått standpunktkarakter, eksamenskarakter eller fag- eller sveineprøve, har rett til meir opplæring. 

Publisert 12.05.2025

For elevar utan standpunkt eller eksamenskarakter blir opplæringa gitt fram mot ein ny standpunktkarakter. Organiseringa av opplæringa blir bestemt av fylkeskommunen.

Kandidatar som ikkje har bestått fag- eller sveineprøven, har òg rett til meir opplæring. For elevar skal fylkeskommunen, så langt det er mogleg, sørgje for at kandidaten får opplæring i det lærefaget hen ikkje har bestått. For vaksne som ikkje har bestått fag- eller sveineprøva, er målet at meir opplæring skal gi grunnlag for den sluttkompetansen ein er teken inn på. Det er mogleg å få meir opplæring gjennom forlenga eller ny kontrakt etter avtale med lærebedrift, men kandidaten har ikkje rett på dette. 

For meir informasjon om rettane og moglegheitene for elevar og vaksne som treng meir opplæring for å oppnå nødvendig kompetanse sjå Utdanningsdirektoratet sin rettleiar:

Rett til meir opplæring for elevar og dei som har læretid i bedrift

Rett til meir opplæring for vaksne

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.