Reglar om fråvær og føring av fråvær

Kunnskapsdepartementet forlengjer dei mellombelse unntaka frå fråværsreglane ut september 2021. Det betyr at elevar kan bruke eigenmelding eller stadfesting frå ein forelder ved fråvær av helsegrunnar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.08.2021

Unntaket gjeld krav til dokumentasjon ved fråvær av helsegrunnar. Så lenge unntaket varer er det tilstrekkeleg at elevar over 18 år leverer eigenmelding, og at elevar under 18 år leverer erklæring frå føresette. Fråværet skal då ikkje førast på vitnemålet, og det skal bli unntatt fråværsgrensa. Unntaksregelen omfattar elevar med milde luftvegssymptom eller sjukdomsfølelse, elevar i karantene eller isolasjon.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.