Nasjonale prøvar hausten 2026
Føremålet med nasjonale prøvar er å gi skulen kunnskap om kva dugleikar elevane har i lesing, rekning og engelsk. Informasjonen frå prøvane skal danne grunnlag for undervegsvurdering og kvalitetsutvikling på alle nivå i skulesystemet.
Nasjonale prøvar er obligatoriske for elevar på 5., 8. og 9. trinn.
Gjennomføring
Nasjonale prøvar gjennomførast i perioden 31. august til 25. september 2026.
Viktige fristar
- Frist for å registrere fritekne og ikkje deltakande elevar for alle prøvar er 25. september
- Frist for å skåring av opne elevsvar i lesing for 8. og 9.trinn er 25. september
Påmelding
Påmelding starta 3. august. Det er mogleg å melde opp elevar i heile gjennomføringsperioda.
- Alle elevar på trinnet meldast på enten direkte i PAS-prøvar eller gjennom det skuleadministrative systemet
- Elevar som skal ha fritak skal og meldast på
- Ved påmelding skal skuleadministrator registrere avgivarskule for alle elevar på 8.trinn. Avgivarskule er barneskulen eleven har gått på før 8.trinn
Prøvetid
Prøvane i lesing og rekning er obligatoriske for elevar på 5., 8. og 9. trinn, medan prøven i engelsk er obligatorisk for elevar på 5. og 8. trinn.
Engelsk: 60 minuttar
Lesing og regning: 90 minuttar
Elevane kan levere svara når dei er ferdige.
Fritak
Prøvane er obligatoriske for alle elevar, men skulane kan vurdere å innvilge fritak frå nasjonale prøvar til elever som har vedtak om individuell tilrettelegging eller særskilt språkopplæring.
Ansvar for gjennomføring
Skuleeigar/styret ved privatskulane har det overordna ansvar for at prøvane blir gjennomført på ein forsvarleg måte.
Rektor har ansvar for gjennomføringa ved eigen skule
Brukarstøtte
Viss ein elev får tekniske problem, kan skulen prøve følgjande:
- Trykk oppdater/refresh om det "heng" eller eleven ikkje kjem vidare.
- Gå vidare til neste oppgåve, og deretter tilbake att.
- Logg eleven ut og inn att.
- Prøv ein anna nettlesar (f.eks. Chrome)
- Prøv ei anna maskin/nettbrett
Viss eleven leverer prøva ved eit uhell, eller ingen av punkta ovanfor løyser problemet fyller skulen ut skjema "Tekniske problemer under nasjonale prøver?". Rektor sender skjema vidare til oss via skuleeigar.
Du finn meir informasjon om nasjonale prøvar på Utdanningsdirektoratet sine sider.