Nasjonale prøvar hausten 2025

Nasjonale prøvar for 5., 8. og 9. trinn blir gjennomført frå 1. september til 26. september. Skulen melder elvane på i PAS-prøvar.

Publisert 01.09.2025

Hjelpemidlar

Elevar med påvist dysleksi eller andre betydelege og vedvarande lesevanskar, og som brukar eigne hjelpemidlar til lesing i undervisninga, kan gjennomføre prøvane med same hjelpemidlar. I engelsk kan alle elevar bruke lesestøtte. Skulen kan teste hjelpemidlar på eksempeloppgåvene.

Presisering

  • Elevar som brukar hjelpemidlar, men ikkje har fått påvist dysleksi eller andre betydelege og vedvarande lesevanskar, skal ikkje bruke desse i gjennomføringa av prøvane
  • Elevar som ventar på vurdering skal ikkje bruke hjelpemidlar
  • Det er ikkje anledning til personleg opplesing

Saksgang viss ein vurderer at påbegynt prøve bør opnast opp att for gjennomføring

Terskelen for å opne opp at påbegynte prøvar er relativt høg. Dette er fordi prøvane skal gi rettmessig informasjon om elevane sine dugleikar. Det kan likevel oppstå uforutsette hendingar undervegs i gjennomføringa, som at eleven til dømes leverer prøven ved eit uhell, eller at det oppstår tekniske problem under gjennomføringa.

Viss skulen vurderer at det har oppstått uforutsette situasjonar som tilseier at påbegynt prøve bør opnast opp att er saksgangen slik:

 

  • Skulen tek kontakt med kommunen/lærar ved privat grunnskule kontaktar rektor
  • Kommunen/rektor ved privatskule vurderer om det er grunnlag for å gjenopne prøven
  • Kommunen/rektor ved privatskulen melder saka vidare til Statsforvaltaren
  • Viss vi vurderer at det er grunnlag for at prøven bør opnast opp att melder vi saka vidare til Udir

Frist for å registrere fritatt og ikkje deltatt

Hugs at 26. september er siste frist for å vurdere og skåre opne elevsvar i nasjonale prøvar i lesing/lesing samisk for 8. og 9.trinn.Dette er òg siste frist for å registera «fritatt» og «ikkje delteke» for alle prøvar.

Les meir om nasjonale prøvar på Udir sine heimesider.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.