Kva er realkompetansevurdering?
Realkompetanse omfattar den samla kompetansen ein vaksen har. Dette inkluderer den formelle, uformelle og ikkje-formelle kompetansen uavhengig av kor og korleis kompetansen er tileigna. Det avgjerande er om realkompetansen er likeverdig med kompetansen ein får gjennom grunnskuleopplæringa.
Formålet med realkompetansevurdering er å anerkjenne ein person sin kompetanse vurdert etter kompetansemåla i gjeldande læreplan. Gjennom vurderinga kan den vaksne få dokumentert kompetansen sin utan å gå vegen om tradisjonelle prøveordningar. Realkompetansevurdering avgjer ikkje om ein person har rett til opplæring eller ikkje. Ved å anerkjenne den vaksne sin kompetanse gjennom realkompetansevurdering bidreg ein til ein meir målretta og effektiv bruk av tid og ressursar for den enkelte og for samfunnet elles.
Ein kan gjennomføre realkompetansevurdering i alle modular både i førebuande opplæring for vaksne (FOV) og i vidaregåande opplæring for vaksne (VOV).
Kven kan bli realkompetansevurdert?
Dei som har rett til opplæring for vaksne, har rett til å få realkompetansen sin vurdert og dokumentert. Dette betyr at realkompetansevurdering gjeld for dei som har rett til
- FOV etter opplæringslova § 18-2
- VOV etter opplæringslova § 18-3
- yrkesfagleg rekvalifisering etter opplæringslova § 18-4
- rett til påbygging og opplæring fram til generell studiekompetanse etter opplæringslova § 18-7
Kven er ansvarleg for å gjennomføre realkompetansevurdering?
Kommunen er ansvarleg for å oppfylle retten til realkompetansevurdering i FOV.
Fylkeskommunen har ansvaret for å oppfylle retten til realkompetansevurdering i VOV. Plikta til å tilby realkompetansevurdering og dokumentasjon på ein slik vurdering, er ein del av ansvaret kommunen og fylkeskommunen har etter opplæringslova §§ 21-8 og 28-2.
Du kan lese meir om realkompetansevurdering i grunnopplæringa på Utdanningsdirektoratet si nettside.