Klage på spesialundervisning i skulen

Statsforvalteren behandlar klager på vedtak om spesialundervisning. Vi behandlar også klager på gjennomføringa av vedtak om spesialundervisning.

Publisert 06.03.2024

Du kan klage på vedtak om spesialundervisning. Du kan også klage dersom du meiner at eleven ikkje får det som han eller ho har krav på etter vedtaket. Klagen skal sendast til den som har gjort enkeltvedtaket. Det kan vere skulen, kommunen eller fylkeskommunen. Klageretten gjeld for elevar og foreldre. I klagen skriv du kort om kva du klagar på og kvifor. Dersom du ikkje får medhald i klagen, skal saka sendast til Statsforvaltaren utan ugrunna opphald. Det er kommunen/fylkeskommunen eller skulen si oppgåve å sende saka til Statsforvaltaren, og legge ved all relevant dokumentasjon. Statsforvaltaren er klageinstans og vi skal gjere endeleg vedtak i saka.

Dersom du har generelle spørsmål om regelverket, kan du kontakte oss på telefon, eller skriftleg via sikker melding på nettsida vår.

For meir informasjon om saksgongen for spesialundervisning, kan du lese rettleiaren på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

For klage på vedtak, kan du nytte malen som du finn ved å følgje denne lenkja: mal-klage-vedtak-om-spesialundervisning.docx (live.com)

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.