Kan skulen legge vekt på tilrådingar frå andre faginstansar enn PPT?

Vi har fått spørsmål om skulen kan og skal legge vekt på tilrådingar frå spesialisthelsetenesta eller andre faginstansar enn PPT

Publisert 30.11.2023

Hovudregel og utgangspunkt er at det er rett og plikt til opplæring for alle barn og unge i grunnskulealder i Noreg.

Tilpassa opplæring og spesialundervisning

Skulen har ansvaret for å tilpasse opplæringa for alle elevar, slik at elevane får eit tilfredsstillande utbytte av opplæringstilbodet. Elevar som ikkje har, eller ikkje kan få, eit tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringtilbodet på skulen, har rett på spesialundervisning. For å vurdere om eleven har rett på spesialundervisning, er det derfor sentralt å kartlegge det ordinære opplæringstilbodet på den enkelte skule, og om eleven sine vanskar kan avhjelpast innanfor det ordinære opplæringstilbodet. Retten til spesialundervisning trer inn, dersom eleven har behov for tilrettelegging ut over kva som er det ordinære opplæringstilbodet på skulen. Det same gjeld dersom eleven har behov for tilrettelegging som går utanfor rammene for kva skulane har lov til å gjere innanfor det ordinære opplæringstilbodet. Døme på dette er eineundervisning, alternativ opplæringsarena eller avvik frå læreplanane. Slike avvik frå det ordinære opplæringstilbodet, må skulen heimle i eit vedtak om spesialundervisning.

PPT er sakkunnig instans

Før skulen gjer vedtak om spesialundervisning, skal det ligge føre ei sakkunnig vurdering. Det er PPT som er skulen sin sakkunnige instans, og som skal utarbeide den sakkunnige vurderinga.

Det betyr at tilrådingar eller erklæringar frå andre faginstansar enn PPT om til dømes innhald, omfang eller organisering av opplæringa, ikkje er tilstrekkeleg grunnlag for at skulen kan gi eleven eit opplæringstilbod som går utanfor rammene for den ordinære opplæringa. Døme på dette er at eleven sin fastlege eller spesialisthelsetenesta tilrår at eleven har kortare skuledagar, jobbar mot andre kompetansemål enn resten av trinnet, eller får opplæring skjerma frå resten av klassen. Det er PPT som må ta stilling til om eleven har behov for slike avvik frå det ordinære opplæringstilbodet, i ei sakkunnig vurdering.

Dersom PPT ikkje har nok fagkompetanse i ei sak, må dei innhenta kompetanse utanifrå, til dømes frå Statped, private sakkunnige, eller andre kommunale eller fylkeskommunale tenester, slik som kommune- og spesialisthelsetenesta. Vi forstår det slik at PPT også kan innhente hjelp frå andre, dersom tenesta har for få ressursar.

Kommunen eller fylkeskommunen kan ikkje instruere kva dei pedagogiske, faglege vurderingane skal gå ut på. Det er viktig at «laget rundt barnet» samarbeider, og at det kjem fram av den sakkunnige vurderinga kva informasjon PPT har innhenta frå andre faginstansar, og korleis PPT nyttar denne informasjonen når dei tilrår kva opplæringstilbodet til eleven skal gå ut på. Foreldra eller eleven kan også innhente ei alternativ sakkunnig vurdering, i tillegg til den som blir utarbeidd av PPT. Foreldra må sjølv betale for denne vurderinga. Ei slik alternativ vurdering vil vere ein del av dokumenta i saka.

Oppsummering

Det er PPT som er sakkunnig instans for skulen, og skulen gjer vedtak om spesialundervisning på bakgrunn av ei sakkunnig vurdering frå PPT. Dersom skulen gjer vedtak som ikkje er i samsvar med den sakkunnige vurderinga, må skulen grunngi særskilt kvifor eleven likevel kan få eit forsvarleg utbytte av opplæringa.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.