Individuell tilrettelegging for elevar med skulefråvær

Utdanningsdirektoratet har skrive ei tolkingsuttale som gjeld PP-tenesta si rolle ved bekymringsfullt skulefråvær.

Publisert 02.09.2025

Kommunen har plikt til å følgje opp fråvær

Kommunen og fylkeskommunen har plikt til å følgje opp elevar med fråvær. Det følgjer av opplæringslova § 10-6. Oppfølgingsplikta gjeld ved alle type fråvær, og fra første dag ein elev er borte fra opplæringa. Oppfølginga av den enkelte elev må sjåast i samanheng med årsaka til fråværet og kor langvarig og hyppig det er.

Hyppig eller langvarig fråvær vil særleg kunne krevje individuelt tilpassa tiltak for at eleven sin rett og plikt til opplæring skal kunne ivaretakast. Skulen har plikt til å undersøke årsaka til fråværet, og på bakgrunn av informasjonen dei har, vurdere kva slags oppfølging den enkelte elev treng for å få eleven tilbake. 

Tilvising til PP-tenesta for elevar med skulefråvær

I mange tilfelle vil det kunne vere nødvendig å tilvise eleven til PP-tenesta for utgreiing. Eleven kan til dømes ha vore borte så lenge, at eleven treng tett oppfølging, ein-til-ein undervisning eller anna tilrettelegging gjennom individuelt tilrettelagt opplæring, for å få tilfredsstillande utbytte av opplæringa.

Fråvær i seg sjølv utløyser ingen rett til individuell tilrettelegging, men elevar som ikkje er til stades på skulen, kan ha slike individuelle rettigheiter, på lik linje med andre elevar. Kommunen kan ikkje bruke fråvær som grunngiving for ikkje å tilvise ein elev til PP-tenesta. 

PP-tenesta har elles ei sentral rolle i å følgje opp ein elev som har bekymringsfullt fråvær, med mellom anna deltaking i arbeidet med ein opptrappingsplan. Det kan vere at eleven treng individuelt tilrettelagt opplæring i opptrappingsperioden, og i så fall skal skulen tilvise eleven til PP-tenesta for ei sakkunnig vurdering. Dersom eleven også treng personleg assistanse eller fysisk tilrettelegging etter opplæringslova §§ 11-4 og 11-5, skal den sakkunnige vurderinga gi ei heilskapleg vurdering av kva for tilrettelegging eleven treng.

Foreldra kan krevje at kommunen eller fylkeskommunen gjer vedtak

Om kommunen eller fylkeskommunen meiner det ikkje er nødvendig å tilvise til PP-tenesta for ei sakkunnig vurdering, kan foreldra krevje at kommunen eller fylkeskommunen gjer vedtak der dei tar stilling til om eleven har rett til individuell tilrettelegging eller ikke. Kommunen eller fylkeskommunen må gjere vedtak og hente inn sakkunnig vurdering fra PP-tenesta uavhengig av om skulen meiner eleven har rett til slik tilrettelegging.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.