Grunnskuleinnsamlinga 2023

Årets grunnskulerapportering er i gang. Innsamlinga varer frå 18. september til 10. oktober for skulane, vaksenopplæringseiningane og kulturskulane -og til 24. oktober for skoleeigar.

Publisert 26.09.2023

Viktige datoar

  • Skulane, vaksenopplæringa og kulturskulane skal ferdigstille rapporteringa 10. oktober
  • Skuleeigar skal melde grunnskule-vaksenopplæring- og kulturskuleskjema, og «kommunen sentralt» ferdig 24. oktober
  • Statsforvaltaren skal ha gjennomført sin kontroll og ferdigstille Vestland fylke si GSI-rapportering 6. november

Det viktig at de fyller ut korrekte tal og svarar ut advarslar i systemet dersom de meiner tala er korrekt ført.

Kvar einskild eining og kommune kvalitetssikrar data frå sitt område. Dersom de oppdagar feil etter at rapporteringa er avslutta, gir de Statsforvaltaren beskjed innan 28. november.

Kommunen sentralt

Data som ikkje kan leggast på den einskilde skule, skal kommunen føre på eininga kalla «kommunen sentralt». Eit døme på dette kan vere lærartimar gitt til særskilt språkopplæring i kommunen, som ikkje er knytt til ein bestemt skule.

Nytt i GSI 2023

Se lenkjer i høgre blokk.

Kontaktpersonar hos Statsforvaltaren

Statsforvaltaren har ansvar for å følgje opp private, fylkeskommunale og statlege skular i fylket. Me har òg ansvar for å følgje opp kommunane.

Dersom det dukkar opp spørsmål eller utfordringar undervegs i rapporteringa, kontaktar skuleeigar ein av kontaktpersonane i høgre blokk.

Meir informasjon om rapporteringa finn du på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.