Grunnskuleinnsamlinga 2022

GSI er no opna for gjennomføring. Rapporteringane gjeld opplysningar per 1. oktober 2022, eller det som er planlagt for heile skuleåret per 1. oktober.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.09.2022

Viktige datoar

  • Skulane, vaksenopplæringa og kulturskulane skal ferdigstille rapporteringa 10. oktober
  • Skuleeigar skal melde grunnskule-vaksenopplæring- og kulturskuleskjema, og «kommunen sentralt» ferdig 21. oktober
  • Statsforvaltaren skal ha gjennomført sin kontroll og ferdigstille Vestland fylke si GSI-rapportering 4. november

Det viktig at de fyller ut korrekte tal og svarar ut advarslar i systemet dersom de meiner tala er korrekt ført.

Kvar einskild eining og kommune kvalitetssikrar data frå sitt område. Dersom de oppdagar feil etter at rapporteringa er avslutta, gir de Statsforvaltaren beskjed innan 30. november.

Kommunen sentralt

Data som ikkje kan leggast på den einskilde skule, skal kommunen føre på eininga kalla «kommunen sentralt». Eit døme på dette kan vere lærartimar gitt til særskilt språkopplæring i kommunen, som ikkje er knytt til ein bestemt skule.

Nytt i GSI 2022

  • Koronafana er fjerna
  • Leirskule – tal overnattingsdøgn: skulane skal rapportere snitt overnattingsdøgn for trinn (sjå rettleiingstekst i GSI)
  • Det er lagt inn fire svaralternativ for organisering av PP-tenesta

Kontaktpersonar hos Statsforvaltaren

Statsforvaltaren har ansvar for å følgje opp private, fylkeskommunale og statlege skular i fylket. Me har òg ansvar for å følgje opp kommunane. Du finn kontaktpersonar i høgre blokk.

Dersom det dukkar opp spørsmål eller utfordringar undervegs i rapporteringa, kontaktar skuleeigar.

Meir informasjon finn du på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.