Frivillige kartleggingsprøvar for 1. trinn

Det er lagt til rette for ei meir fleksibel gjennomføring. Gjennomføringsperioden er utvida og delt i to. 

Publisert 10.02.2026

Kartleggingsprøvane i lesing og rekning skal bidra til å fange opp elevar som treng ekstra oppfølging tidleg i skuleløpet, slik at dei kan få den tilrettelegginga dei har krav på.

Frå 2026 er det innført ei meir fleksibel ordning av gjennomføring av dei frivillige kartleggingsprøvane for 1. trinn.

Kva er nytt?

Gjennomføringsperioda er utvida og delt i to, ei på våren når elevane går i 1. trinn og ei på hausten når elevane går i 2. trinn.

Datoar for gjennomføring

Vår:

  • mars til 30. april

Påmelding frå 9. februar (1. trinn)

Haust:

  • august til 6. november

Påmelding frå 3. august (2. trinn)

Skulen vurderer sjølve kva elevar som skal gjennomføre prøvane. Kvar elev kan berre gjennomføra prøven ein gong, anten på våren eller om hausten.

Kartleggingsprøvar på samisk

Det er utarbeidd kartleggingsprøvar i lesing på nord-, sør- og lulesamisk.
Prøvane i rekning er omsette og tilpassa nord-, sør- og lulesamisk.

Påmelding – PAS-prøver

Skulen melder elevane på i PAS-prøver. Det er mogleg å melde opp elevar i heile gjennomføringsperioda.

Resultata frå prøvane

Kartleggingsprøvane er utforma slik at dei berre viser resultat for elevar som kjem inn i eit definert oppfølgingsområde. For desse elevane blir resultata vist på oppgåvenivå.

Dersom prøveresultatet viser at ein elev treng ekstra oppfølging, skal resultata brukast som grunnlag for å tilpasse opplæringa. Foreldra til elevane som treng ekstra oppfølging skal få informasjon om prøveresultata og om kva tiltak skulen sett inn.

Du kan lese meir om kartleggingsprøvane på Utdanningsdirektoratet sine heimesider her: Kartleggingsprøver | udir.no

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.