Stigande fråvær i grunnskule og vidaregåande skule

Tal henta frå inntakssystemet VIGO viser at talet på fråværet for elevar på 10. trinn i Vestland ligg på median 9 for dagsfråværet og median 7 for tal timefråvær. Det er eit auke med ein heil dag og ein heil time samanlikna med skuleåret 2022-23. 

Publisert 15.10.2025

På landsbasis viser statistikken at kvar tiande elev på vidaregåande skule har 20 dagar eller meir i fråvær. Fråværsstatistikken er høgast blant jenter på yrkesfag, med eit fråvær på tre dagar meir samanlikna meg gutar på yrkesfag. Fråværet blant gutane er høgast på studieførebuande fag. Det er i tillegg store skilnader mellom timefråværet, og den aller største skilnaden her er mellom gutar på studieførebuande og gutar på yrkesfag. Her skil det heile 11 timar fråvær.

Årsaka til økt fråvær er komplekse og samansett. Udir skriv at ut ifrå det kunnskapsgrunnlaget vi har i dag kan vi ikkje forklare kva aukingane i fråvære skuldast. Skulefråværet blant elevar har økt kraftig etter pandemien i mange OECD-land, inkludert USA, Storbritannia og Australia. I enkelte land har fråværet flata meir ut, men det er framleis på eit høgre nivå enn før pandemien braut ut. 

Sjå lenke for meir info om fråvær i vidaregåande skule og i grunnskulen her: 

Fortsatt økt fravær i videregående skole | udir.no

Fraværet fortsetter å øke | udir.no

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.