Føring av fråvær som følgje av streiken

Utdanningsdirektoratet har presisert korleis skulane skal praktiserer føring av fråvær som har oppstått som følgje av lærarstreiken hausten 2022.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.10.2022

Fråvær under streiken

Fråvær som skuldast fråvær av lærarar på grunn av streiken er ikkje rekna som fråvær og skal ikkje teljast med på fråværsgrensa.

Timar som ikkje har vore ramma av streik, skal ha blitt gjennomført som normalt, og fråvær skal førast på vanleg måte. Det er ikkje planlagt endringar i fråværsreglane på grunn av streiken.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.