Endringar i tilskotsordninga for vidareutdanning
For å kunne ta imot tilskot til vidareutdanning må kommunar og private skuleeigarar etablere lokale prosedyrar.
Tilskotsordninga skal styrkje kompetansen hos tilsette i barnehage, grunnskule og vidaregåande opplæring. Udir fordeler midlar til kommunar og private skular, men ansvaret for planlegging, prioritering og oppfølging ligg no i større grad lokalt.
Lokalt ansvar for prosedyrar og prioriteringar
Kommunar og private skuleeigarar skal utarbeide og gjennomføre lokale prosedyrar, mellom anna ved å:
- informere tilsette om ordninga
- etablere lokale søknadsprosessar
- vurdere og prioritere deltaking ut frå lokale kompetansebehov
Som barnehagemynde har kommunen òg ansvar for å sikre at private barnehagar blir omfatta av dei same prosessane, og at behova deira blir vurderte på lik line med kommunale barnehagar.
Udirs tidlegare søknadssystem er ikkje lenger i bruk.
Bruk av tilskotsmidlar
Tilskotsmidlane skal nyttast til studiepoenggivande vidareutdanning som er relevant for både verksemda og den tilsette. Behovsvurderingar skal byggje på samla og inkluderande prosessar, og sjåast i samanheng med annan kompetanseutvikling.
Bruken av midlane skal vere i tråd med rammeplanar og læreplanverk. Samiske perspektiv skal inngå der det er relevant.
Kommunar og private skuleeigarar har ansvar for å avklare lokalt korleis midlane blir nytta, mellom anna til frikjøp, stipend og tilrettelegging.
Informasjonsmøte frå Udir
Utdanningsdirektoratet held eit digitalt informasjonsmøte om ordninga fredag 05.februar kl. 10.00-10.45. Møtet tek for seg endringane og forventningane til eigarane, og vil vere tilgjengeleg også i etterkant.
Møtet er særleg relevant for kommunar som barnehagemynde og for private skuleeigarar.
Viktige fristar
- Innan 1. mars: Tilskotsmottakarane får melding om storleiken på tilskotet
- 15. april: Frist for å takke ja eller nei til tilskot
- Før 15. april: Tilsette som får prioritet søker studieplass direkte til studiestad
- Mai/juni: Utbetaling av tilskot
Tilsette som blir prioriterte, søkjer sjølve studieplass direkte til studiestaden.
Statsforvaltaren oppmodar kommunar og private skuleeigarar til å starte arbeidet tidleg, slik at nødvendige prosedyrar er på plass når midlane blir fordelte.
I høgre meny finn du meir informasjon om ordninga. Ta gjerne kontakt med oss ved spørsmål.