Skulen si plikt til å varsle i skulemiljøsaker

Alle som arbeider på skulen skal varsle rektor dersom dei får mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Rektor skal varsle skuleeigar i alvorlege tilfelle og ved mistanke om eller kjennskap til at ein vaksen utset ein elev for krenkingar.

Publisert 29.08.2022

Låg terskel

Det skal vere låg terskel for kva som skapar mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Dersom ein elev seier ifrå om at han eller ho ikkje trivst på skulen, skal rektor varslast. Det er nok at eleven seier at skulemiljøet ikkje er trygt eller at han/ho ikkje trivst. Ein kan ikkje forvente at eleven skal nytte ordlyden i lova eller vaksne sine omgrep. Det same gjeld dersom føresette seier at ein elev ikkje har det godt på skulen.

Plikta til å varsle ved mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og skulemiljø, må sjåast i samanheng med plikta til å følgje med. Dei tilsette kan få mistanke om eller kjennskap til elevar som ikkje har det trygt og godt gjennom observasjonar av elevane, trivselsundersøkingar, beskjeder frå medelevar, aktivitetar eller på sosiale medium. Dei som arbeider på skulen må vere medvitne om at elevane viser utryggheit og teikn til å ikkje trivast på ulike måtar. Korleis elevane oppfører seg kan gje ein viktig peikepinn på korleis elevane opplever skulemiljøet. Dette gjeld og endringar i det sosiale samspelet mellom elevane.    

Rutinar for varsling

Rektor er ansvarleg for at skulen har rutinar for varsling som er i tråd med varslingsplikta, og at alle tilsette er kjende med rutinane. Rektor kan fastsetje at ein annan på skulen skal ta i mot varsla, men kan ikkje seie frå seg ansvaret for å følgje opp sakene med undersøkingar og tiltak.

Tidspunkt for varsling må vurderast frå sak til sak avhengig av kor alvorleg saka er. I forarbeida står det at ein i nokre saker må varsle rektor straks, mens det i andre saker kan vere forsvarleg å vente til slutten av skulekvardagen eller vente til eit oppsummeringsmøte i slutten av veka.

Skulen må dokumentere kva som blir gjort for å oppfylle plikta til å varsle. Dette kan gjerast ved å eksempelvis sende inn eit varslingsskjema eller referat frå telefonsamtale som viser når og korleis skulens tilsette har varsla rektor, og eventuelt når og korleis rektor har varsla skuleeigar. 

Plikta til å varsle skuleeigar i § 9 A-5-saker og i alvorlege tilfelle.

Rektor skal varsle skuleeigar i alvorlege tilfelle og ved mistanke om eller kjennskap til at ein vaksen utset ein elev for krenkingar. Kva som er eit alvorleg tilfelle, må vurderast etter skjøn. Døme på kva som reknast som alvorleg, er saker der krenkingane er særleg valdelege eller på andre måtar svært integritetskrenkande. Digital mobbing på tvers av skular, og grove truslar gjennom sosiale medium er andre døme på alvorlege tilfelle. Det kan også vere situasjonar som har vart over lang tid, utan at skuleleiinga har klart å løyse saka.  

Føremålet med at rektor i alvorlege tilfelle skal varsle skuleeigar, er at skuleeigar i slike tilfelle bør gjerast kjent med saka og involvere seg i korleis saka skal løysast. Skuleeigar har det øvste ansvaret for at elevane har eit trygt og godt skulemiljø, og skuleeigar kan ha tilgang til anna informasjon og andre ressursar enn den enkelte skulen.

Etter opplæringslova § 9 A-5 har skulen ei skjerpa aktivitetsplikt dersom tilsette krenker elevar. Dersom nokon som arbeider på skulen får mistanke om eller kjennskap til at ein annan som arbeider der krenker eleven, skal rektor varslast straks. Dersom det er nokon i leiinga ved skulen som står bak krenkinga, skal skuleeigar varslast direkte av den som fekk mistanke om eller kjennskap til krenkinga. Undersøkingar og tiltak skal setjast i verk straks.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.