Skulen si plikt til å følgje med og gripe inn i skulemiljøsaker

For å sikre at elevane får eit trygt og godt skulemiljø, har alle som arbeidar i skulen ei plikt til å følgje med på korleis elevane har det på skulen. Dei må også gripe inn overfor krenkingar dersom det er mogleg, og varsle rektor om all mistanke om og kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø.

Publisert 26.10.2023

Plikta omfattar alle som arbeider ved skulen

Det er ikkje berre dei som er direkte tilsett på skulen som er omfatta av plikta til å følgje med og gripe inn, den omfattar også andre vaksne som oppheld seg jamleg på skulen, som til dømes reinhaldarar, tilsette i PP-tenesta eller helsesjukepleier.

Kva inneber plikta til å følgje med?

Dei som arbeider på skulen har ei plikt til å aktivt følgje med på korleis elevane har det. At dei gjer dette er naudsynt for å sikre at skulen får kjennskap til elevar som ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Plikta til å følgje med inneber òg at skulen skal drive eit systematisk arbeid for å førebygge og avdekke krenkingar og dårleg skulemiljø. For å kunne gjere dette må skulen ha innarbeidde rutinar for korleis dei følgjer med på elevane.

Korleis skal skulen følgje med?

Plikta til å følgje med inneber at kvar enkelt som arbeider på skulen aktivt og årvakent må observere korleis elevane agerer kvar for seg, og seg imellom. Skulen bør gjennomføre hyppige elevsamtalar og trivselsundersøkingar for å følgje med på korleis elevane opplever skulemiljøet. Skulen må òg ha ei god inspeksjonsordning som dekker dei skjulte områda og «blinde flekkane» både inne og ute på skulen sitt område. Ei god inspeksjonsordning inneheld òg rutinar for korleis ein gjennomfører inspeksjonen, og korleis ein skal dokumentere eventuelle observasjonar. Skulen bør kartlegge trongen for tilsyn i garderobar og overgangssituasjonar, og følgje ekstra godt med på særskilt sårbare elevar. Følgje med-plikta må tilpassast dei konkrete omstenda rundt elevane og ved skulen.

Kva inneber plikta til å gripe inn?

Plikta til å gripe inn vil seie at ein skal gripe inn mot krenkingar, som til dømes utfrysing, mobbing, vald, diskriminering og trakassering, dersom det er mogeleg. Plikta til å gripe inn rettar seg mot å stoppe akutte situasjonar. Det kan til dømes vere å stoppe ein slåsskamp eller å irettesette elevar som bruker krenkjande ord om eller til andre. Rektor skal sørge for at alle som arbeider på skulen veit at dei har ei plikt til å gripe inn, og at dei har kunnskap om korleis dei skal gjere dette.

I nokre tilfelle vil plikta til å gripe inn føre til at ein må bruke fysisk makt eller tvang. Det er då viktig at ein vurderer kva ein kan gjere for å stoppe situasjonen utan å skade seg sjølv eller krenkje nokon av elevane.

Krav om dokumentasjon

Opplæringslova § 9 A- 4 pålegg skulen å dokumentere korleis dei oppfyller dei ulike delpliktene i aktivitetsplikta, også plikta til å følgje med og gripe inn.

Vi ser ofte at skulane ikkje dokumenterer tilstrekkeleg korleis dei oppfyller dei ulike delpliktane. Skulane kan til dømes sende inn planar for korleis skulen skal sikre eit trygt og godt skulemiljø, men det er ofte ikkje god nok dokumentasjon. Skulen må vise korleis dei har følgt med i den konkrete saka, i tillegg til det generelt førebyggande arbeidet. Dette kan gjerast gjennom å gjere greie for kva skulen sjølv har oppdaga og avdekka gjennom sine inspeksjonar, observasjonar, trivselsundersøkingar, utviklingssamtalar og elevsamtalar. Vidare må skulen dokumentere korleis dei har gripe inn i den konkrete saka, der det er aktuelt. Slik dokumentasjon er viktig for at skulen skal kunne utvikle og betre sine rutinar for å følgje med og gripe inn, og for å vise heimen kva som er gjort.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.