Kompetansepakkar om barnehage- og skulemiljø

Utdanningsdirektoratet har laga digitale kompetansepakkar om trygt og godt miljø i barnehage, skule og SFO.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.08.2022

Kompetansepakkane gir leiarar og tilsette i skular, SFO og barnehagar fagleg påfyll og støtte til å utvikle praksisen sin. Pakkane er gratis og tilgjengelege for alle, og inneheld ressursar som kan tilpassast til lokale behov. Her finn ein relevant fagstoff som blir presentert gjennom tekst eller film, oppgåver som skal løysast og forslag til arbeidsprosessar. Ein vel sjølv kva tema ein vil prioritere, og kor lang tid ein vil bruke på utviklingsarbeidet. Pakkane kan brukast i heile kollegiet, eller i mindre grupper.

Det er laga tre kompetansepakkar på dette feltet:

  • Trygt og godt barnehagemiljø
  • Trygt og godt skulemiljø
  • Trygt og godt miljø i SFO

Kvar pakke er bygd opp av modular som tek for seg ulike tema. I kompetansepakken for barnehagemiljø finn ein ressursar om det psykososiale barnehagemiljøet, og korleis ein kan forstå og arbeide med dei ulike delpliktene i aktivitetsplikta. Ein finn også fagstoff og oppgåver om fellesskapande aktivitetar og barn si utvikling. Innhaldet er laga i samarbeid med Høgskolen i Innlandet.

I kompetansepakken for skulemiljø finn ein blant anna ressursar om skulekultur og verdien av gode relasjonar og eit inkluderande fellesskap. Andre tema som blir tatt opp er aktivitetsplikta og eleven sin rett til å bli høyrt. Kompetansepakken for SFO inneheld dei same modulane som for skulen, men har fagstoff og oppgåver som er tilpassa SFO. Innhaldet i desse kompetansepakkane er utvikla i samarbeid med RVTS Sør.

Du finn dei ulike kompetansepakkane i kompetanseportalen (sjå lenke i blokka til høgre).

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.