Kompensasjon til næringsdrivande fastlegar ved sjukefråvær knytt til koronaviruset

Søknadsfrist:
1. juni 2022 23:00
Målgruppe:
Kommunane i Vestfold og Telemark
Ansvarleg:
Helse- og omsorgsavdelinga, Fylkesmannen i Vestfold og Telemark
Kven kan søke:
Kommunar i Vestfold og Telemark

Helsedirektoratet har forlenga kompensasjonsordninga for inntekststap for næringsdrivande fastlegar. Tiltaket gjeld for heile 2021 og dei tre fyrste månadane i 2022. Kommunane blir oppmoda om å søkje fortløpande.

Publisert 07.01.2021, Oppdatert 25.04.2022

Frå 2022 er praksiskompensasjonen satt til 10 313 kroner per fråværsdag per fastlege. 

Tilskotsordninga er forlenga til å gjelde dei tre fyrste månadane i 2022. Det betyr at alle utgifter kommunane har hatt til fastlegekompensasjon til og med 31. mars 2022 kan bli dekt av middel frå denne ordninga. Søknader frå kommunar vert fortløpande behandla.

Sidan vi skal rapportere til Helsedirektoratet i midten av juni, ber vi om at kommunane sender søknad hit innan 1. juni 2022.

Mål for ordninga
Fastlegane er ein viktig gruppe i arbeidet mot covid-19. Fastlegane er utsette for smitte og påfølgjande karantene. For sjukefråvær som skuldast smitte eller mistanke om smitte av koronavirus har andre grupper av sjølvstendig næringsdrivande no rett til sjukepengar frå 4. fråværsdag og maksimalt om lag 2 000 kroner per fråværsdag.

Kommunane vil bli kompensert for meirutgifter knytt til å gje fastlegar som ikkje har forsikring for sjukefråvær i arbeidsgjevarperioden ein praksiskompensasjon på (inntil) 10 313 kroner per fråværsdag dersom legen under legearbeid har blitt smitta av koronavirus eller som følgje av risiko for å ha fått smitte, må ut av jobb og i karantene. Ein uavklart smittesituasjon vil og gi rett til inntektskompensasjon. 

Kommunane må føre oversikt over desse ekstra utgiftene der det går fram namn og talet på dagar per fastlege som det blir søkt kompensasjon for. Eventuelle inntekter fastlegane har hatt i sjukeperioden må også gå fram. Utskrift frå regnskapssystemet må følgje med søknaden.

Søknadsbehandling
Behandling av søknader og utbetaling av tilskot blir gjort fortløpande. Naudsynt dokumentasjon skal gå fram av søknaden.

Les regelverket nøye før de skriv søknaden. Sjå vedlagt regelverk som du finn under «Dokument».

Rapportering

Dette er ei refusjonsordning utan krav til rekneskapsrapportering frå tilskotsmottakar.

Statsforvaltaren forvaltar tilskotet på vegne av Helsedirektoratet.  

Send søknaden som e-post til sfvtpost@statsforvalteren.no eller som brev til Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg. Merk søknaden med vårt saksnummer 2020/8353.

Søknadsfrist:
1. juni 2022 23:00
Målgruppe:
Kommunane i Vestfold og Telemark
Ansvarleg:
Helse- og omsorgsavdelinga, Fylkesmannen i Vestfold og Telemark
Kven kan søke:
Kommunar i Vestfold og Telemark