Skjema Tema Omtale
R
Regionalt miljøtilskot Landbruk og mat Alle landbruksføretak kan søkje om tilskot for å gjere miljøtiltak på eigen gard eller leigejord. Tilskotet blir gitt til jordbruksføretak som tilfredsstiller vilkåra for regionale miljøtilskot. For å sende inn dette skjemaet må du ha følgjande rolle i Altinn for di verksemd.
Reindrift Landbruk og mat Alle som eig ein del av ein sida, må på vegne av reineigarar melde frå om reindrift, og kan søkje om tilskot til sidaandelar og tamreinlag. Det er også mogleg å søkje om erstatning for rein som er drepen av freda rovvilt.
Reindrift, overføring av siidaandel Landbruk og mat Bruk skjemaet for å melde om overføring av siidaandel til ny eigar.
Rentemidlar skogfond - søknad Landbruk og mat For organisasjonar og verksemder som skal søkje om tilskot frå fylkesvise rentemidlar av skogfond. Tilskot kan givast til konkrete prosjekt og tiltak som fremjar skogbruket. Søknadsfristen er 15. november for å vere med i hovudtildelinga. Søknadsskjemaet er ope, og det kan sendast inn søknader gjennom heile året. Skjemaet blir brukt av verksemder med organisasjonsnummer. For å sende inn dette skjemaet må du ha ei av følgjande roller i Altinn for di verksemd: dagleg leiar (dagl) eller utfyllar/innsendar (utinn).
S
Skogfondssystemet Landbruk og mat Skogeigarar kan leggje inn krav om utbetaling frå skogfondkontoen sin for å dekkje investeringar til skogkultivering. Skogfondet er pengar som skogeigaren pliktar å setje av ved sal av tømmer og biobrensel. (Altinn-skjema)
Skogskader Landbruk og mat Bruk skjemaet til å melde inn skogskadar. Innmeldar rapporterer og stadfestar skadeobservasjonar på skog. (Nibio-skjema)
T
Tilskot ved produksjonssvikt Landbruk og mat Jordbruksføretak med omfattande svikt i planteproduksjon på grunn av klimatiske forhold kan søkje om tilskot. Før du søkjer må du ha ha meldt frå om svikten til kommunen. Lenka fører til Landbruksdirektoratets søknadsrettleiing. Der finn du både meldeskjema og søknadsskjema.
Tilskotsordningar på landbruksområdet Landbruk og mat For kommunar som skal melde frå om neste års rammebehov for tiltak på landbruksområdet. Tilskotsordninga omfattar nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK), spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) og tiltak i beiteområde. Statsforvaltaren fastset lokale fristar for innsending av rammebehov. Dette skjemaet nyttast av verksemder. For å sende inn dette skjemaet må du ha ein av følgjande roller i Altinn for di verksemd: Dagleg leiar (dagl) eller utfyllar/innsendar (utinn).