Fjernar bøk for å ta vare på sårbar natur ved Langesund

Bilde av person som går tur i bøkeskog ved Baneåsen plantefredningsområde
Bøk sprer seg raskt i naturen ved Langesund. Her fra Baneåsen plantefredningsområde. Foto: Statsforvalteren i Vestfold og Telemark.

Statsforvalteren skal fjerne bøk i Røsskleiva naturreservat og Baneåsen plantefredingsområde i Bamble. Målet er å ta vare på truga artar og bevare naturen slik han opphavleg høyrer til her. 

Publisert 01.06.2026

Ved Langesund finst det sjeldne naturtypar med mange truga artar. Baneåsen og Røsskleiva er kjende for dei unike kalkskogane sine, men bøk spreier seg og trugar dette sårbare naturmangfaldet. 

– Bøk er ein framand art i desse skogane. Når han spreier seg, mistar mange artar leveområda sine, seier fagsjef Arne Christian Geving hos Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark.

Slik påverkar bøk naturen

Mange artar er avhengige av bestemte treslag, som lind, hassel, gran og furu. Det gjeld mellom anna fleire soppar.

Når bøk spreier seg, skuggar han ut andre tre. Over tid kan skogen bli til rein bøkeskog. Det kan få store konsekvensar for artane som høyrer heime her.

– Fjernar vi bøken no, gir vi naturen betre sjanse til å ta vare på mangfaldet sitt, seier Geving.

Slik blir arbeidet gjort

Arbeidet skjer i juni 2026 og blir utført av eit innleigd firma.
Trea blir ikkje felte med ein gong. I staden brukar vi ein metode som heiter ringbarking. Det tyder at vi fjernar eit belte med bark nedst på stammen. Då stoppar næringstransporten, og treet døyr gradvis i løpet av eitt til tre år.


Metoden blir brukt fordi:

  • han hindrar at treet skyt nye skot frå rota
  • han gir mindre inngrep i naturen

Små tre blir dregne opp med rota.

Bilde av metoden ringbarking utført på en Platanlønn
Ringbarking vil si å fjerne barken i en bred ring rundt en trestamme. Metoden stopper næringstransporten, og treet dør gradvis. Ringbarking blir ofte brukt for å unngå bruk av kjemikalier eller for å hindre at trær sender ut kraftige rotskudd etter felling. På bildet ser du metoden utført på en Platanlønn. Foto: Statsforvalteren i Vestfold og Telemark.

Kva betyr dette for deg?

Du vil kunne sjå at nokre tre etter kvart døyr, og at det blir litt meir ope enkelte stader. Det er ein planlagt del av arbeidet. Etter kvart vil naturlege treslag ta over att.

Tørre tre som kan vere farlege langs stiar og vegar, blir fjerna tidlegast frå 2027.

Berre i verneområda

Tiltaket gjeld berre:

  • Baneåsen plantefredingsområde
  • Røsskleiva naturreservat

Vi gjer ikkje tiltak utanfor desse områda. Mellom anna står ein særs stor bøk rett utanom grensa for Baneåsen plantefredingsområde. Dette vil bli ståande. 

Bilde av et bøketre
Bøk har glatt, grå bark og beholder ofte visne blader om vinteren. Her fra Røsskleiva naturreservat. Foto: Statsforvalteren i Vestfold og Telemark.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner