Funn av CWD på Hardangervidda

Ein villreinbukk skoten under jakt på Hardangervidda er stadfesta smitta av CWD (skrantesjuke).

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.09.2020

Fredag 11. september kom meldinga som vi alle har frykta. Reinsdyrbukk med påvist CWD er skoten på Hardangervidda. Dette set arbeidet med å utrydde denne sjukdomen over for heilt andre utfordringar enn dei vi har hatt så langt.

Det er analysert over 3500 prøver av rein frå dette området. Siste to åra har jakta i fyrste rekke vore styrt mot skyting av vaksen bukk for på den måten å best kunne seie sikkert om stamma er fri for smitte. I underkant av 1200 prøver frå 2019 og over 500 prøver så langt i år gav håp om ei reinsstamme fri for CWD. Sist fredag kom meldinga som torpederte dette håpet.

Hardangerviddareinen var tenkt som ei av stammene som kunne tilbakeføre rein til Nordfjella sone 1 som ligg brakk etter utskyting av alle dyra der i 2016/2017. Hardangervidda har den største villreinstamma i landet med store randområde med elg, hjort og rådyr. I tillegg har desse fjellområda stort innslag av beitedyr. Vitenskapskomiteen for mat og miljø reknar det som sannsynleg at sjukdomen også kan smitte til andre hjortedyr. Kommunane rundt Nordfjella er allereie i gang med omfattande reduksjon av hjorteviltet i randområda. Beitenæringa er pålagt ulike restriksjonar.

No er Hardangervidda kome i ein tilsvarande alvorleg situasjon. Tida er ein kritisk faktor og det er viktig at tiltak blir sett inn så snart som mogeleg. Her vil det stillas krav til eit samordna og koordinert samarbeid mellom mange partar. Vitenskapskomiteen som rådgjevande organ for politiske beslutningstakarar har sannsynlegvis ein plan for handtering av denne utviklinga.

Til slutt nokre setningar frå «det ligger et land» av Karsten Alnæs; «Der kommer de. En liten flokk med menn, kvinner og barn. I dagevis har de vandret nordover. Den lille flokken tilhører en velutviklet og eldgammel jegerkultur. Nå søker de nordover etter reinen.»

Denne reinen som trekte nordover for tusenvis av år sidan. Som opp gjennom tidene har vore heilt sentral i bygdane rund fjellområda, som matauk, som kulturbærar gjennom fangst og jakt, som næringsgrunnlag og oppleving. No blinkar varsellampene. Måtte det lykkast å sikre ei frisk, levedyktig villreinstamme for framtidige generasjonar.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.