Regjeringa gjer det meir lønsamt å kombinere dagpengar og sesongarbeid i landbruket

Det er no vedteke ei ordning der det vert opna for å kombinere dagpengar og sesongarbeid. I praksis vert dette gjort ved at dagpengemottakrane berre treng å føre opp halvparten av timane på meldekortet sitt.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.04.2020

Det er mange som er permittera og utan arbeid, samstundes som landbruket treng arbeidskraft. Matproduksjon er ei kritisk samfunnskritisk oppgåve. Men for mange er det lite lønsamt å ta arbeid i landbruket når ein tek imot dagpengar, sidan timeløna i landbruket ofte er lågare enn dagpengesatsen.

Som ei midlertidig ordning er det no opna for at ein berre treng å føre halvparten av timane ein jobbar i jordbruk, skogbruk og gartneri på meldekortet. Tal timar som førast på meldekortet vil da vere lågare enn det talet timar ein arbeider og får betala for. I praksis gjer dette at dei som tek seg jobb i landbruket skal tene på det. Målet er at fleire som no er permittera eller arbeidsledige skal finne det attraktivt å ta seg arbeid i landbruket i tida som kjem utover vekstsesongen. Sjå saka her hos Regjeringa.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.