Gå på tur i påsken, og la fyrstikkene bli att heime!

Blåveis. Foto: Ingrid K. Haugberg

Brannfaren er spesielt stor i skog og utmark fleire stader, etter at vi har hatt ein vinter med ingen eller minimal tele i bakken i lågareliggande strøk.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.04.2020

Det har ført til at jordsmonnet ikkje har kunna lagre vatn som i ein normal vinter. Snøbart har det vore i store delar av fylket i lang tid, og tørt gras, lauv og dødt trevirke kan lett ta fyr. Når det er mykje tørre planterestar på bakken, kan eld fort kome ut av kontroll. Vêrmeldinga for påsken lovar opphaldsvêr, sol og vind. Under slike høve kan ein brann spreie seg skremmande raskt.

På grunn av koronaviruset skal vi halde oss heime og ikkje reise til hytter eller på besøk i annan kommune enn der vi bor. Mange kan ikkje oppsøke snø, slik dei hadde ønskt. Då vil mange gå på tur i skog og utmark i eige nærområde og kan hende ønske å fyre bål. Det kan auke risikoen for skogbrann i vårt fylke.

Fleire kommunar har innført lokale forskrifter om bålforbod frå og med 2. april. Ordinært, generelt bålforbod gjeld som kjent frå 15. april. Forbodet omfattar båltenning, eingongsgrillar, bålpanner og annan open eld.

Vi oppmodar alle til å vere mykje ute og mosjonere i naturen vår, men ikkje tenn bål!

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.