Nasjonal kulturlandskapspris 2023

Landskapsbilde, Vestbygda frå Såstavegen
Vestbygda frå Såstavegen Foto: Jan Gunnar Dagfinnrud.

Foreslå kandidatar frå Vestfold og Telemark!

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.03.2023

Du kan no foreslå kandidatar til Den nasjonale kulturlandskapsprisen for 2023.

Kandidatane må ha gjort ein spesiell innsats for å utvikle og teke kulturlandskapa våre i vare. Hensikta er å auke kunnskapsnivået om verdiar, utfordringar og kva for moglegheiter det ligg i desse landskapa. Kulturlandskap verte forma der menneske, bruk og dyr har eksistert saman i lang tid og vi finn mange gode døme i Vestfold og Telemark. Vi må vise dei fram!

Gjennom lang tids bruk og tradisjonelle driftsmetodar i landbruket finn vi ofte rike naturverdiar og kulturminne i desse landskapa. Vi oppmodar difor om å sjå etter kandidatar i bygd og grender der det er gjort ein ekstra innsats for å ta desse landskapa i vare.

Det er Norsk kulturarv som delar ut prisen, og Landbruks- og matminister er juryleiar. Prisen består av eit grafisk blad utført i tresnitt av Hans Normann Dahl samt 50 000,- kroner bevilga av Landbruks- og matdepartementet.

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark vil samle opp og sende inn gode kandidatar frå vår eigen region!

Frist til å melde inn kandidatar er 21. april 2023 til marte.kvakland@statsforvalteren.no

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.